Her kan du utforske Veøya i vikingtida
Korleis kan det ha vore i Møre og Romsdal i vikingtida og i mellomalderen? Korleis såg husa, reiskapen og landskapet ut?
Ved å kombinere kulturhistorisk forsking med nye digitale verktøy, vil prosjektet Ein bit av historia utforske dei nye moglegheitene som har opna seg for å formidle historie og kulturarv.
Her kan du utforske korleis ein liten del av Veøya utanfor Molde kan ha sett ut omkring år 1000 e.Kr. Du kan oppleve det enten i nettlesaren til dømes med mobil, eller du kan laste det ned og utforske slik ein gjer i dataspel. Denne opplevinga er eit pilotprosjekt som i liten skala viser korleis digital formidling av Møre og Romsdals viking- og mellomalderhistorie kan gjerast.
Om Veøya
På Veøya utanfor Molde var det kjøpstad frå slutten av vikingtida og fram til Svartedauden. Her hadde både kongen og fleire av dei mektigaste mennene på Nordvestlandet eigne bygardar. Det er også spor etter det som truleg er blant Noregs fyrste kyrkjer på Veøya. På det meste var det minst tre kyrkjer på øya samtidig. Vi veit ikkje kor mange som budde her, men det kan ha vore om lag 300 personar – og sannsynlegvis fleire i sommarhalvåret. Slagghaugar og smeltegroper viser at det også har vore smiing og jarnframstilling på øya. Den var eit senter for malm som kom frå område som låg i kring.
Nausta i Bondevika er frå omkring år 1000 e.Kr., tidleg i kjøpstaden si historie. Det eine naustet var 22 til 25 meter langt og 9-10 meter bredt, det andre var 15 meter langt og 9-10 meter bredt. Storleiken gjer det sannsynleg å setje nausta i samanheng med leidangen. Leidangen var måten ein organiserte forsvaret i Noreg på i vikingtid og mellomalder. Ordninga skriv seg truleg frå Håkon den godes tid (900-talet), men kan ha røter i eldre germanske høvdingsamfunn. Kystdistrikta blei delt inn i skipreider, som kvar stilte skip, mannskap og proviant for kongen i eit visst tidsrom. Les meir om leidangen her.
Veøya blei fyrste gong nemnt i historiske kjelder i samband med slaget på Sekken i 1162 (Magnus Erlingssons saga). Då var Erling Skakke og fleire av hans menn på veg nordover frå Bergen med tjue skip. Kong Håkon Sigurdsson Herdebrei hadde vore på Veøya i nokre dagar med fleire av sine menn, men var på ei øy lengre ute i fjorden då han fekk varsel om flåten som var på veg. Dei to hærane braka saman i eit stort slag ved øya Sekken like ved Veøya. Les meir om slaget ved Sekken her.