Edøyskipet

Hausten 2019 gjorde vi eit heilt spesielt funn på Edøy i Smøla kommune. Ved hjelp av ny teknologi og ein georadar, avdekka arkeologar frå fylkeskommunen og NIKU – norsk institutt for kulturminneforskning spor av eit skip og spor frå busetting som sannsynleg er frå merovinger- eller vikingtid. Du kan lese meir om funnet på NIKU si heimeside. NIKU har utarbeidd ein førebels rapport om resultata på bakgrunn av sine undersøkingar.

Det er no sendt to søknadar til Riksantikvaren om sikringsmidlar for vidare undersøkingar av funnet. Ein frå NTNU vitenskapsmuseet om å gå inn i sjølve skipsgrava, og ein frå fylkeskommunen om metallsøk i området rundt. Ein forventar svar på desse i løpet av april. Ved positivt svar vil metallsøk starte i løpet av våren, medan eventuelle utgravingar vil starte til hausten.  

Snarvegar

Kontakt