Den Trondhjemske postvei

“Den Trondhjemske postvei” er eit gammalt namn på vegen som gjekk mellom Bergen og Trondheim, og som tidleg på 1700-talet vart teke i bruk for å frakte post då staten overtok ansvaret for postvesenet. Gjennom 1700-talet vart landevegane bygd ut og forbetra, slik at postførarar kunne ri, gå eller køyre langs vegen. Aukande trafikk langs vegen gjorde at krava til korleis vegen skulle byggast, vart strengare. I 1794 vart generalvegmeister Christopher Johannes Hammer sin instruks vegnormalen for korleis post- og kongevegar skulle byggast.  

Postvegen gjekk parallelt med kysten frå Bergen over land til Sognefjorden. Det var båtfrakt over fjordane. I Møre og Romsdal kjem postvegen inn via Hornindal i Volda, vidare gjennom Stranda til Ørskog og Vestnes kor posten vart frakta med båt til Molde. Frå Molde gjekk vegen over Osmarka i Gjemnes, vidare med båt til Tingvoll på Nordmøre, derfrå gjennom innlandet via Surnadal og vidare gjennom Rindal mot Trøndelag.  

Den opphavelege postvegen gjennom Møre og Romsdal er bevart fleire stader på ruta, men mykje av vegen følgjer nye trasear som ligg under asfalt. Statens vegvesen har ei eiga Facebook-side om postvegen. Der finn du mange flotte bilete og meir informasjon.  

I 2020 og 2021 har “Ein bit av historia” desse tiltaka for utvikling av postvegen:  

  • Lokale prosjekt i Ørskog, Molde, Vestnes og Tingvoll 
  • Tilstandsregistrering av postvegen gjennom Møre og Romsdal 
  • Utarbeide moglegheitsstudie for “Den Trondhjemske postvei” gjennom Møre og Romsdal  

Arbeidet er støtta av Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram.  

Snarvegar