Om prosjektet

Ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes er det tredje største fylkesvegsambandet i Møre og Romsdal og er svært viktig for trafikken mellom Nordmøre og Romsdal og Austlandet.

Ferjekaiene på Sølsnes og Åfarnes skal tilpassast dei nye nullutsleppsferjene med nye tilleggskaier (pirar) begge stadar. Det skal også byggast ny liggekai på Sølsnes (Gjertrudhammaren).

Den vedtekne løysinga er ei minimumsløysing. Det er behov for å bygge om brubåsane på Åfarnes i løpet av 5-10 år og på Sølsnes i løpet av 10-20 år.

VegnummerFylkesveg 64
KommuneRauma og Molde
FasePlanfase