Varsel om oppstart for detaljregulering av ny liggekai på Sølsnes

I samsvar med § 12-8 i plan – og bygningslova kunngjer Møre og Romsdal fylkeskommune oppstart av reguleringsplanarbeid for ny liggekai på Sølsnes i Molde kommune.

Skriv ut

Reguleringa gjeld ny liggekai ved Gjertrudhammaren, plassering av nye tekniske bygg samt parkerinsgplassar m.v.  Planen vil bli utarbeidd i samarbeid med Molde kommune.  Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge ny liggekai på Sølsnes. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan – og bygningsloven. 

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer synspunkt, innspel og andre relevante opplysingar til planarbeidet innan 28. april 2021. Det er sendt eiget brev til grunneigarar innafor planområdet, naboar og andre høyringsinstansar.

Send innspela skriftleg til Møre og Romsdal fylkeskommune, Julsundvegen 9, 6412 Molde eller på epost: post@mrfylke.no.  

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Kristin Fostervold.

Kontakt