Ønskjer dialog knytt til stengeperioden for Remetunnelane

Prosjektleiinga i Møre om Romsdal fylkeskommune ønskjer tett dialog med alle som har spørsmål knytt til stenginga av Remetunnelane som skjer neste år, og omkøyringa som følgje av dette. 

Skriv ut

Remetunnelane mellom Slyngstad og Brattvåg stengast mellom 6. februar – 1. juni 2023 for å gjere ei omfattande oppgradering. Mellom anna skal heile vegbana senkast for å auke høgda i tunnelen. Det blir i denne perioden omkøyring via Søvika, noko som naturlig nok både privatpersonar og næringsliv vil merke. Prosjektet ønskjer å leggje til rette for at alle som har spørsmål knytt til prosjektet skal få dekt sine informasjonsbehov.

- Erfaringsvis er det mange spørsmål knytt til prosjekt som fører til stenging og som fører til at folk må endre reisemønster ein periode. Vi ønskjer å gjere oss tilgjengelege for publikum som lurar på noko knytt til dette prosjektet, enten det er om sjølve utbetringsprosjektet eller om omkøyringa. Vi ønskjer å svare på spørsmål som både privatpersonar og næringsliv har, slik at dei kan starte planlegginga allereie no, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Opstad.

Onsdag 30. november mellom kl. 15.00 - 18.00 vil prosjektleiinga vere tilgjengelege på anleggsbrakka for spørsmål frå publikum. Anleggsbrakka ligg ved den nedlagde ferjekaia på Skjeltene i retning mot Søvika. Næraste adresse er Hildrestrandvegen 1018.

- Denne dagen vil vi vere til stades for å svare på spørsmål for dei som vil vite meir om prosjektet, om trafikkavviklinga eller andre detaljar knytt til dette. Dei som ikkje ønskjer eller kan besøke oss denne dagen oppfordrar vi til å ta kontakt med oss dersom ein lurar på noko. Kontaktinformasjon finn ein ved å gå til prosjektsida for oppgradering av fylkesvegtunnelar, på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune, seier Opstad.

Utbetrar omkøyringsveg

Trafikktryggleik i anleggsperioden er viktig for prosjektet. Derfor blir det gjennomført ei rekkje utbetringstiltak langs omkøyringsvegen.

-Det køyrer om lag 2900 køyretøy i døgnet gjennom tunnelane, og ein god del av desse er lange køyretøy. Derfor er det vald å gjere trafikktryggingstiltak langs omkøyringa, som siktrydding, skilting, flytting av gangfelt og forsterka vinterdrift. Fartsgrensa er også senka frå  70 til 60 på nokre kortare strekningar, seier Opstad.

Snarvegar

Kontakt