Ny Nerlandsøybru: Reguleringsendring på høyring og offentleg ettersyn

Formannskapet i Herøy kommune har etter plan- og bygningslova §12-14 gitt løyve til oppstart av planendring for reguleringsplanen «Fv. 20 Nerlandsøybrua» (Plan-ID 201803).

Skriv ut

Reguleringsendringa inneber at ny Nerlandsøybru vil gå over Søre Vaulen som foreslått i opphaveleg plan, men ein jobbar for å kunne redusere lengda på brua. Det er som tidlegare lagt til rette for å etablere gang- og sykkelveg frå Igesund og over brua til Kvalsund på Nerlandsøya. 

For å kunne optimalisere løysingane for ny Nerlandsøybru er det naudsynt med ei reguleringsendring av tidlegare godkjente plan. Målsettinga er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge ei ny bru som tek vare på dei optimaliserande og kostnadssparande løysingane. Planen er utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningslova.

Endringane Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer å formalisere gjennom ei reguleringsendring er: 

  • Legge til rette for bygging av bru på 11,5 meters breidde i staden for 12 meters breidde.
  • Flytte krysset på Igesund.
  •  Flytte landkara nærare sjøen enn synt i noverande reguleringsplan.
  • Breiddeutviding av eit parti på fv. 5878 (omfattar mindre deler av eigedom 35/1, 35/93 og 35/167). 
  • Justere veglinja på den kommunale vegen under ny bru på Nerlandsøya. 
  •  Justere størrelse på skipsvern som ligg rundt søylene til den nye brua. 
  •  Justere plassering av busslommer. 

Endringane det er tale om inneber i hovudtrekk små justeringar av eksisterande planføresegn.

Forslaget er no lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Fristen for merknadar er 17. august. 

Merknadar merka med namnet til planen og saksnummer 20/4388 kan sendast Herøy kommune gjennom digitalt skjema eller pr. post til Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. 

Saksdokumenta er tilgjengelege under.