Fv. 670 Kvanne ferjekai

Støttevegg for steinfyllinga

Ein 30 meter lang støttevegg av stålspuntar skal sikre steinfyllinga på den gamle dampskipskaia. Det blir brukt vibrolodd for å sette 22 meter lange spuntnåler 18 meter ned i sjøbotnen. Sidan den gamle dampskipskaia blir rekna som eit kulturminne blir ikkje støtteveggen synleg over havoverflata. Der blir det stein som i dag. Arbeidet vart gjennomført i juni. 

Støy over grenseverdiane

Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2016) inneheld regelverket for støyande nattarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune har leigd inn ein ekstern konsulent som skal gjere ei analyse av kva eigedommar som kan få støy over grenseverdiane som normalt er lov for nattarbeid. Rapporten for arbeidet i juni kan du laste ned nederst på denne sida.

Slik reduserer du støy

Mange som bur på Kvanne vil merke arbeidet godt sjølv om bustaden deira ligg utanfor området med støy høgare enn regelverket tillét. Vi har stor forståing for at støyen kan opplevast som ei belastning og vil gjere det vi kan for å gjennomføre arbeidet så effektivt som mogleg.

Vi oppmodar om å halde ventilar, vindauge og dører lukka for å redusere støyen inn i bustaden din. Om du ikkje sjølv bur i bustaden ber vi deg vidareformidle denne informasjonen til dei som bur der.

Vi kjem også til å følgje opp entreprenøren med støymålingar i arbeidsperiodane.

Ny arbeidsperiode i august

Sikringa av sjøbotnen som skal hindre ytterlegare utvasking frå ferjene startar i slutten av august. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring.

Også her blir det jobba frå kl. 21.15 og gjennom natta i om lag to veker. Arbeidet må skje frå lekter i brubåsen der ferja vanlegvis ligg og da kan det ikkje vere trafikk i sambandet. Desse arbeidsprosessane er mindre støyande. Det blir gjort støyanalyse også for desse arbeida. Om det er bustadar som får støy over grenseverdiane for tillate nattarbeid vil dei få tilbod om overnatting. Alle blir varsla når dato for oppstart er klar.

Tverrsnitt av planlagte arbeid på Kvanne ferjekai i juni og august 2021

Tverrsnitt av ferjekaibåsen. Spuntveggen skal gå langs den gamle dampskipskaia. Botnen blir sikra med betongmadrassar. 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt