Heile Nordøyvegen opnar 27. august 2022

Det blir offisiell opning av Nordøyvegen laurdag 27. august 2022. Men sidan Fjørtoftfjordtunnelen blir ferdig først av dei to siste tunnelane, opnar vegen mellom Fjørtofta og Harøya for trafikk allereie 16. juni.

Skriv ut

Nordøyvegen mellom Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy og fastlandet blir som planlagt opna laurdag 18. desember 2021.

- Vi ønskjer at innbyggarane og næringslivet skal få nytte av Nordøyvegen etter kvart som vegen blir ferdig. Mange har venta lenge på dette prosjektet, og vi har heile tida jobba med eit mål om å gjennomføre mest mogleg effektivt. Difor er vi veldig glade for at vi saman med Skanska har fått til å organisere arbeidet slik at vi kan opne delar på denne måten og avslutte med ei stor offisiell opning 27. august neste år, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Eitt år kortare byggetid

Då spaden vart stukken i jorda i august 2017, var målet at Nordøyvegen skulle opne for trafikk i 2023. Prosjektleiaren meiner konkurranse på byggetid, god planlegging og eit særs godt samarbeid med Skanska er hovudårsakene til at byggetida blir eitt år kortare.

- Vi visste at logistikken kom til å bli krevjande, og både byggetid, kompetanse og gjennomføringsplanar vart vektlagt då vi lyste ut hovudkontrakten på prosjektet. I tillegg har vi fått til eit unikt godt samarbeid mellom oss som byggherre og entreprenør. I sum er det grunnen til at vi kan opne sommaren 2022, slik planen har vore sidan vi skreiv kontrakten med Skanska i desember 2018, fortel prosjektleiaren. 

Kontroll på økonomien

Sidan dei tre undersjøiske tunnelane er ferdig drive og arbeidet på dei tre bruene og asfaltkjernedammen har kome langt, har Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska jobba med å kome til einigheit og låse summane på dei store elementa i kontrakten. Dette er no gjort, og det er til dømes ikkje lenger usikkerheit knytt til fjellkvaliteten i Nogvafjordtunnelen. Over eitt år før heile prosjektet opnar, kan difor Møre og Romsdal fylkeskommune, med atterhald om til dømes utviklinga av korona-pandemien, legge til grunn at Nordøyvegen vil bli bygd innanfor ramma på 5,6 milliardar kroner. 

Folkefest til neste år

Møre og Romsdal fylkeskommune er allereie godt i gang med planlegginga av delopning 18. desember 2021, i samarbeid med kommunedelsutvala for Nordøyane og Sandøy/Fjørtofta. Sjølve opninga blir på Skjeltene, før det blir arrangement på øyane etterpå.

Opninga av Fjørtoftfjordtunnelen mellom Fjørtofta og Harøya 16. juni 2022 blir ei mindre markering før den store, offisielle opninga kjem 27. august. Planlegginga av denne startar for fullt i haust. 

- Også her vil det vere eit samarbeid mellom oss og lokale aktørar. Det kjem til å bli ein folkefest, så det er berre å sette av datoen, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Slik blir Nordøyvegen opna for trafikk 

  • 18. desember 2021: Opning mellom Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy og fastlandet
    • Lepsøybrua (800 meter)
    • Laukebrua (110 meter)
    • Hamnaskjersundbrua (200 meter)
    • Haramsfjordtunnelen (3500 meter)
    • Veg på sjøfylling (2735 meter)
  • 16. juni 2022: Opning mellom Fjørtofta og Harøya
    • Fjørtoftfjordtunnelen (3680 meter)
  •  27. august 2022: Heile Nordøyvegen opnar for trafikk
    • Nogvafjordtunnelen (5730 meter)
    • Vegen over Fjørtofta + Burbergtunnelen  
Haramsfjordtunnelen sitt startpunkt på Hestøya med demning som held havet ute frå tunnelen.

Haramsfjordtunnelen ligg under havnivå på Hestøya. Det blir bygd ein asfaltkjernedam som skal halde havet ute frå tunnelen.

Kart som viser aktivitetane i Nordøyvegen hausten-2020.

God logistikk og planlegging er ein av hovudgrunnane til at prosjektet får eitt år kortare byggetid.

Snarvegar

Kontakt