Gjennomslag i Fjørtoftfjordtunnelen

Inge Huse var vikarierande skytebas for siste salva i Fjørtoftfjordtunnelen blei sprengt tysdag 20. april klokka 13. Siste salva blei sprengt 850 meter frå Harøya og 2800 meter frå Fjørtofta og dei to ytraste øyane er no knytt saman. 

Skriv ut

Inge Huse er industrigründer frå Harøya og leia bedrifta IP Huse i om lag 60 år. Han har også vore ein av forkjemparane for å få bygd Nordøyvegen. 

 

Vikar-skytebas Inge Huse saman med Skanska sin bas Hallgeir Arntzen

Inge Huse tenner lunta saman med Skanska sin bas Hallgeir Arntzen.

Siste gjennomslag i mai

To av tre undersjøiske tunnelar i prosjektet er no ferdig sprengt. I Nogvafjordtunnelen står det igjen 117 meter og gjennomslaget blir truleg i starten på mai.

Etterarbeid

Når tunnelane er ferdig sprengte står det igjen eit stort etterarbeid. Dei skal sikrast mot vatn og frost, vegen blir bygd opp frå botn og det er eit omfattande elektroarbeid som skal gjennomførast før Nordøyvegen kan opnast for trafikk. 

Delopning til jul

Møre og Romsdal fylkeskommune opnar første del av Nordøyvegen mellom Skjeltene, Lepsøya og Longva opnar for trafikk 18. desember 2021. Vegen vidare over Fjørtofta til Harøya opnar sommaren 2022.

Snarvegar

Kontakt