Planprosess

Geiranger er eit kjent nasjonalt og internasjonalt reisemål. Bygda har om lag 230 fastbuande vinterstid, medan besøkstala er anslått til 600 000 – 700 000 i sommarsesongen. Fylkesveg 63 er vinterstid einaste tilkomstveg til Geiranger via Eidsdal og Ørnevegen. Hovuddelen av planområdet ligg innanfor Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, som her fell saman med verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Strekninga inngår i Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen.

Reguleringsplan vart vedtatt i Stranda kommunestyre 25. mai 2016 og i Norddal kommune 26. mai 2016. Norddal kommune har også vedtatt reguleringsplanar for massedeponi og riggplass på Berge og massedeponi på Øye i Eidsdal. 

Oppstart av kommunedelplan vart kunngjort i november 2012, og høyring av planprogram vart varsla mai 2013. Grunnforholda avdekka at det berre var eitt realistisk alternativ for planarbeidet. I samråd med kommunane, fylkesmannen og fylkeskommunen vart det avgjort at det skulle utarbeidast reguleringsplan direkte for det aktuelle alternativet. Berørte partar vart varsla om dette, og planprogrammet vart tilpassa reguleringsplannivå.

Planprogrammet vart endeleg fastsett i Norddal kommune 2. oktober 2014 og i Stranda kommune 12. november 2014.