Om prosjektet

Fylkesveg 63 er einaste tilkomstveg til Geiranger om vinteren, og er ofte stengt på grunn av snøskred eller fare for snøskred. Strekninga mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Fjord kommune er det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesveg i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune har med bakgrunn i dette vedteke bygginga av ein 4,8 kilometer lang fjelltunnel. Tunnelen vil sikre 13 skredpunkt på strekninga og vil føre til ein sikrare vinterveg mellom Eidsdal og Geiranger.

Fv. 63 Korsmyra-Indreeide
VegFv. 63
FaseByggefase
KommunarStranda og Fjord
OpningHausten 2023
Kostnadsramme840 mill. kr (2020-verdi)