Riving kan gi kansellerte avgangar på Seivika-Tømmervåg

Første veka i september startar rivinga av ytste delen av piren på ferjekaia i Seivika. Det kan gi kansellerte avgangar morgon og kveld.

Skriv ut

Ei av ferjene i sambandet ligg til kai i Seivika om natta. I starten av rivinga vil ho kunne fortsette med det.

Må inn til Kristiansund

- Vi vil prøve å få til det så lenge som mogleg, men vi kan ikkje garantere at det ikkje blir enkelte innstillingar. Lenger ut i rivearbeidet kan ikkje ferja ligge her når vi jobbar. Da må ho må gå inn til Kristiansund, sidan ombygginga av kaia i Tømmervågen gjer at ferja ikkje kan ligge over natta der, fortel byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Både seglingstid til og frå sambandet og pålagt kviletid for mannskapet gjer at det blir kansellerte avgangar morgon og kveld om ferja må ligge til kai i Kristiansund. 

Innstillingar seinare i rivinga

I første fase av arbeidet betyr det at målet er å halde sambandet ope, men at det kan bli enkelte innstillingar om ferja må gå til Kristiansund. I neste fase av rivinga blir det innstillingar morgon og kveld over ein lengre periode. Møre og Romsdal fylkeskommune kjem tilbake med informasjon om når det blir i god tid på førehand. 

Bruk SMS-tenesta

Fjord1 vil varsle trafikantane via SMS-tenesta si om det blir kansellerte avgangar. Påmelding på nettsidene til Fjord1.

Møre og Romsdal fylkeskommune bygger breiare og lengre pirar med fendring tilpassa dei nye miljøferjene på ferjekaiene i Seivika og Tømmervåg. Kaiene skal vere ferdige innan utgangen av 2020.