Planlegging

I 2020 vart det sett i gang eit arbeid med å førebu/planlegge utbygging av nye kaier på same lokasjon som i dag. Det vart bestilt eit forprosjekt hos konsulent Aas-Jakobsen med leveringsfrist 15. november 2020, der oppdraget var å finne løysingar for å oppgradere ferjekaiene slik at det er mogleg å ta imot dei nye miljøferjene. Forprosjektet skulle gi grunnlag for val av løysing og for å vurdere ev. vidare planlegging. 

I forprosjektet er det vurdert seks alternative plasseringar av nytt ferjeleie i Eidsdal sentrum og tre alternative plasseringar på Linge. I tillegg er det sett på om det er mogleg å flytte ferjekaia på Linge til ny lokasjon på Tanganeset eller Valldal sentrum.

Samferdselsutvalet vedtok å gå vidare med ny ferjekai sør for dagens kai på Linge. I tillegg skal Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom ein reguleringsplanprosess, avklare naudsynte tiltak på land for å sikre trafikksikker av- og påkøyring til ferjekaiområdet, god framkome og flyt i trafikken.

I Eidsdal vedtok samferdselsutvalet at konsekvensar ved alle alternativa må vurderast ytterlegare, før ein avgjer plassering av ny kai. I tillegg til dei alternativa som er omfatta av forprosjektet, skal Storurneset og fleire alternativ aust og vest for dagens kai bli vurdert. 

Dokumenter