Om prosjektet

Ågothammeren er ein om lag 400 m høg berghammar under Ågottind ved Eikesdalen i Molde kommune. Det er estimert om lag 30 hendingar med steinsprang frå hammaren kvart år. Mengda skredmassar i kvar hending er alt frå storleiken til ein knyttneve til fleire kubikk. Steinspranga lausnar i bratt fjellsida, får stor fart og sprett ein eller fleire gongar før dei treff vegen eller går direkte ut i vatnet.

Ved store snøfall kjem det snø ned fjellsida og ut i vegbana. Grunnen er at fjellsida er bratt og nokre stadar så glatt at snøen glir ned og ut i vegen. Det blir normalt ikkje typiske snøskred, men det kan vere så store mengder at vegen blir sperra.

Fylkestinget har prioritert Ågothammaren høgast innanfor mindre skredsikringstiltak og beslutta at Eikesdalsvegen skal sikrast mot steinsprang frå Ågothammaren med eit fanggjerde til 25 mill. kr.

Det er berre tunnel som kan gi fullgod skredsikring på staden. Tunnel er nr. 2 på prioriteringslista for store skredsikringstiltak på fylkesveg i Møre og Romsdal, etter Kjellstadlinja i Trollstigen. Prosjektet ligg ikkje inne i gjeldande 10-årige investeringsprogram.

VegnummerFylkesveg 6012
KommuneMolde
FasePlanfase
OppstartHausten 2021

Snarvegar