Visinor Fjell AS tildelt skredsikringskontrakt i Eikesdalen

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Visinor Fjell AS kontrakten på sikring av Eikesdalsvegen mot steinsprang frå Ågothammaren

Skriv ut

Kontrakten inneheld inspeksjon og reinsk av fjellsida i Ågothammaren før det skal monterast 500 meter fanggjerde ovanfor vegen. Entreprenøren har frist til 1. desember med å fullføre sikringa. 

Fire tilbydarar

Fire entreprenørar leverte tilbod. Klagefristen på tildelinga av kontrakten er 9. august. Om det ikkje kjem klagar på tildelinga, kan kontrakten signerast og førebuingane starte.

Planlegging før oppstart

Før arbeidet i fjellsida startar, er det ein samhandlingsperiode der gjennomføringa blir planlagt i detalj i eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Visinor Fjell AS. I denne fasen blir mellom anna planane for tryggleik, arbeidstider og trafikkavviklinga lagt.

Stengt veg

Det vil bli lengre periodar med stengt veg i løpet av dagen. Tidspunkt vil bli klart i samhandlinga i andre halvdel av august. Målet er at det skal være forutsigbart slik at innbyggarane og dei som besøker Eikesdalen kan planlegge reisene sine. 

SFO-tilbod

Skuleskyss og arbeidsreiser legg føringar for når vegen vil vere open. Ettermiddagen er ei utfordring på grunn av relativt kort tid mellom skuleskyssane kl. 13.00 og 14.45 frå Eresfjorden. Det gjer at det ikkje er tid til å rigge opp utstyr og få ein effektiv arbeidsperiode før utstyret må riggast ned igjen.

For å løyse denne utfordringa dekker Møre og Romsdal fylkeskommune SFO-tilbod for elevane som normalt reiser heim med skuleskyssen kl. 13.00, fram til skuleskyssen som går til Eikesdal kl. 14.45. Familiane det gjeld vil få nærare informasjon om dette frå skulen når det nærmar seg skulestart. 

Arbeidsstart i september

Det blir mest truleg oppstart på arbeid i fjellsida og stengt veg frå starten av september. Så snart detaljane fell på plass gjennom samhandlinga med entreprenør kjem det meir informasjon om når vegen blir open og stengt.

SMS-varsling

Folkeregistrerte innbyggarar i Eikesdalen får varsel på SMS når det er ny informasjon om trafikkavviklinga. Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr også SMS-varsling til andre interesserte. Dei som ikkje er folkeregistrert i Eikesdalen må melde seg på varslinga. Det blir også gitt informasjon på prosjektet si nettside mrfylke.no/agothammaren og gjennom media.
 

Snarvegar

Kontakt