500 meter fanggjerde skal gjere Eikesdalsvegen tryggare

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut kontrakten på sikring av Ågothammaren på Eikesdalsvegen. Entreprenørane har frist til 5. juli med å levere tilbod.

Skriv ut

Kontrakten inneheld inspeksjon og reinsk av fjellsida i Ågothammaren før det skal monterast fanggjerde over vegen. 

Krav til framkomst

Det blir stilt krav til at naudetatane skal komme seg fram og at innbyggarane i Eikesdal skal kome seg til og frå jobb og skule. 

- Det vil bli periodar med stengt veg, men det har vi dialog med innbyggarane i Eikesdalen om. Målet er at det skal vere forutsigbart slik at det går an å planlegge for dei som treng å kome seg fram, seier byggeleiar Kristian Bjørdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Startar i august

Det er planlagt oppstart i veke 33 (16.-20. august) og ferdigstilling innan 1. desember. 

- Tidsplanen er ambisiøs, men på ein normal haust meiner vi han er realistisk. Men vêret styrer vi ikkje og vi kompromissar ikkje med tryggleiken til dei som skal jobbe i fjellsida. Vi jobbar mot å bli ferdige i år, men om ikkje det let seg gjennomføre må entreprenøren kome tilbake til våren for å ferdigstille sikringa, fortel byggeleiaren. 

Kontrakten blir tildelt entreprenøren som fyller kvalifikasjonskrava og har den lågaste prisen. Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 25 millionar kroner. 

Bil under Ågothammaren, Eikesdalsvegen i Molde kommune

500 meter langt fanggjerde skal sikre Eikesdalsvegen mot steinsprang frå Ågothammaren. Vegen er smal og blir stengt i lengre periodar når sikringa skal gjennomførast. 

Kontakt