Skjema, regelverk og retningslinjer for graving og framføring

For graving og legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar over, under og langs fylkesvegar må du søke til Møre og Romsdal fylkeskommune, både for trasé og gravearbeid.  

Søknad om løyve skal skje skriftleg innan fire veker før planlagt oppstart.  

Krav til søknaden 

I søknaden skal det stå kva planer som ligg føre, inkludert kart og beskrivingar av det planlagde arbeidet. Søknaden må innehalde namn på leidningseigar, kontaktperson hos leidningseigar og namn på utførande entreprenør.  

Ledningseigar skal opplyse om kontaktperson som er tilgjengeleg utanfor normal arbeidstid. 

Statens vegvesen sine rutinar for graving og legging av leidningar over, under og langs offentleg veg gjeld også for fylkesvegar. Her står det kva dokumentasjon som skal i søknaden. Søknad sendast til post@mrfylke.no 

Søknadsskjema finn du lenger ned på sida.

Akutte reparasjonar 

Ved brot på leidning der det er behov augeblikkeleg utbetring er det nok at Vegtrafikksentralen blir varsla munnleg på tlf. 175. Skriftleg søknad må sendast så snart som råd.  

Arbeidsvarsling 

Krava om arbeidsvarsling gjeld også for graving og framføring av kablar. Det er Statens vegvesen som behandlar alle søknadar om arbeidsvarsling. Om den som utførar arbeidet ikkje har generell arbeidsvarslingsplan må søknad sendast til Statens vegvesen første kvardag etter at arbeidet starta. 

Brukonstruksjonar 

Om arbeidet er i knytt til til brukonstruksjonar skal eige skjema for avtale om framandinstallasjonar i bruer følge søknaden. 

Last ned 

Rutiner for graving og legging av leidningar

Avtale om frammandinnstallasjoner i bruer

Entreprenøren sin egenkontroll

Søknad om graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av leidningsanlegg over, under eller langs offentleg veg

Rettleiing - krav om leveranse av ferdigvegsdata til FKB-kart og NVDB (MRFK)

Snarvegar