Søknad om avkøyrsler |
---|
Planlegg du å opparbeide, endre eller utvide eksisterande avkøyrsle, må du søke om løyve til det. Søknadar om avkøyrsler til fylkesveg i Møre og Romsdal blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. |
Dispensasjon frå byggegrenser |
---|
Skal du sette opp eit byggverk langs vegen? Då må du søke om løyve til det. Søknaden blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. |
Søke om løyve til graving og framføring |
---|
Du må søkje om graving og framføringsløyve for arbeid som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs fylkesveg. |
Søknad om reklame langs vegen |
---|
Du må søke om løyve frå fylkeskommunen for å sette opp reklame langs fylkesveg. Utan løyve er det heller ikkje lov å sette opp reklame eller andre innretningar på for eksempel vegbanen, vegskråningar, grøfter, fortau, gang- og sykkelvegar. Søknaden sender du til post@mrfylke.no |
Søknadsskjema og informasjon finn du her |
Søknad om arbeidsvarsling |
---|
Statens vegvesen behandlar alle søknader om arbeidsvarsling på riks- eller fylkesveg. For å søke om arbeidsvarsling må du bruke malen for søknad. Søknaden sender du til: APVmor@vegvesen.no |
Meir informasjon og mal for søknad finn du her |
Dispensasjon for spesialtransport |
---|
Skal du søke dispensasjon for spesialtransport, må du sende den elektronisk via VegSak. Tenesta VegSak krev brukarnamn og passord. Gå inn på VegSak - registrer ny bruker. Når du har fyllt ut og fått tilsendt e-post med påloggingsinformasjon, kan du ta i bruk VegSak. Hugs at du må sende søknaden seinast tre virkedagar før transporten startar. |
Her finn du registreringsskjema for nye brukarar av VegSak |
Søknad som å arrangere sykkelritt |
---|
For å arrangere sykkelritt på veg må du som arrangør av sykkelrittet få løyve frå Statens vegvesen. Arrangørar av sykkelritt på veg skal sende søknad til Statens vegvesen med kopi til berørte politidistrikt seinast fire månader før konkurransen. |
Du finn meir informasjon hos Statens vegvesen |
Søk om serviceskilt og skilt til verksemder |
---|
Ønsker du serviceskilt eller skilt til verksemda di frå ein fylkesveg må du søke om det. |
Søknadsskjema og informasjon finn du her |
Søk om fråvik frå vegnormalane |
---|
Vegnormalane er krav for anlegg av alle offentlege vegar. Dei inneheld krav til mellom anna vegbygging, utforming, tunnelar, bruer, ferjekaier, rekkverk og trafikktryggleiksutstyr. Vegnormalane har heimel i forskrift etter §13 i veglova. Dei som ønskjer å fråvike vegnormalane må søkje om det. |