Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr SMS-varsling om stengt veg for fylkesvegar der det ikkje finst omkøyring.
Varslinga gjeld desse vegane:
Stix Reach er leverandør av varslingstenesta. Logg inn og meld deg på SMS-varsling.
Du er meldt på sms-varsling når det står "ja" bak strekninga du ønskjer varsel for og feltet har blå markering.
Du treng ikkje melde deg på om du har folkeregistrert adresse innanfor strekningane over, og ikkje har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Frå 1. juli 2021 varslar vi alle folkeregistrerte innbyggarar og bedrifter på desse stadane når vegen blir stengt og opna igjen, utan påmelding.
Om du har fritidsbustad eller av andre grunnar ønsker varsel for desse strekningane, må du melde deg på. Det er berre dei som er folkeregistrerte i områda og som ikkje har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon frå det offentlege som får varsel utan påmelding. Logg inn og meld deg på SMS-varsling.
Tenesta hentar kontaktopplysingar frå Kontakt- og reservasjonsregisteret. Sjekk opplysingane dine og om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon frå det offentlege i Kontakt- og reservasjonsregisteret: https://eid.difi.no/nb/kontakt-og-reservasjonsregisteret. Om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon frå det offentlege må du melde deg på varslingstenestene.
Du kan melde deg av eller gjere endringar i varslingsportalen når du ønsker det. Logg inn i varslingsportalen.
Trafikkmeldingar frå Vegtrafikksentralen: www.175.no