Asfalt

Målingar av tilstanden på asfalten, faglege vurderingar, visuelle inspeksjonar, trafikkmengda og funksjonen vegen har i samfunnet ligg til grunn for avgjerda om kva vegar som skal asfalterast. 

Løyvinga til asfalt i 2022 er på 55 mill. kr eks. mva. I tillegg har fylkestinget løyvd 35,4 mill. kr eks. mva til forsterking av dei dårlegaste vegane og Møre og Romsdal fylkeskommune har også fått 29 mill. kr frå regjeringa si tilskotsordning til fylkesvegar. 

Møre og Romsdal har om lag 3200 km fylkesvegar. 85,5 km av desse får ny asfalt i 2022. I tillegg 27,4 km fylkesvegar forsterka,  gjennom drenering og styrking av vegkroppen. Her blir det også lagt ny asfalt. 

Asfaltsesongen varar frå mai til november.