Nordøyvegen

Nordøyvegen er det største utbyggingsprosjektet Møre og Romsdal Fylkeskommune nokon gong har utført. Totalkostnad er berekna til å vere på om lag 5,3 milliardar kroner (2018- kroner).

Prosjektet vil gi om lag 2700 personar på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune fastlandssamband.

Nordøyvegen vil gi både næringsliv og private eit døgnope transportsystem.

Prosjektet vil erstatte to ferjesamband og eit hurtigbåtsamband.

Det er Statens vegvesen som gjennomfører utbygginga på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune . Du kan lese meir om prosjektet på nettsidene til Statens vegvesen.

Prosjektet omfattar:

  • Lepsøybrua - 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya
  • Laukebrua - 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka
  • Hamnaskjersundbrua - 200 meter  lang bru i Hamnaskjersundet
  • Haramsfjordtunnelen - 3500 meter lang undersjøisk tunnel frå Hestøya til Austnes
  • Nogvafjordtunnelen - 5730 meter lang undersjøisk tunnel frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta
  • Fjørtoftfjordtunnelen - 3680 meter lang undersjøisk tunnel frå Fjørtofta  til Myklebust på Harøya
  • Burbergtunnelen - 170 meter miljøtunnel på Fjørtofta
  • 2735 meter veg på sjøfylling over Lepsøyrevet
  • Ny veg over Fjørtofta

Dokumenter