Byen som regional motor

Vi arbeider med byutvikling gjennom prosjektet "Byen som regional motor", som er initiert og leia av fylkeskommunen. Målet er å styrke attraktiviteten i byane Kristiansund, Molde og Ålesund og stimulere til vekst og utvikling. Det er også eit mål at byane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga.

Attraktive bysentra, samferdsel og kollektivsatsing, og kompetansemiljø og utdanning er satsingsområde for byutviklingsprosjektet.

Tiltak i prosjektet:

  • Økonomisk støtte gjennom byfondet. 
  • Bymøte mellom den politiske og administrative leiinga i fylkeskommunen og i dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund
  • Fagsamlingar med erfaringsutveksling og kompetansepåfyll for fagpersonar med byutvikling som arbeidsfelt

Delprosjekt:

  • Den økonomiske støtta gjennom byfondet har vore utløysande for ei rekke delprosjekt i byane, slik som byrom, gang- og sykkelstiar og tiltak som stimulerer til leik og aktivitet i byane.  
  • Bysmart er ein foredragsserie på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt og tilby gratis arrangement i kvar by. Foredraga blir løpande annonsert. Bysmart er samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka i Molde, Ålesund og Kristiansund.

Dokumenter