Vidaregåande opplæring for vaksne

Er du vaksen, men har ikkje fullført eller tatt vidaregåande opplæring?

Då kan du ha rett til gratis vaksenopplæring. Vaksenrett får du året du fyller 25, hvis du ikkje har fullført vidaregåande opplæringa tidligare.

Vaksenopplæring er vidaregåande opplæring tilpassa vaksne.​​​​​

Ja, vaksne kan ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan lese meir om det å vere praksiskandidat her.

Retten til vaksenopplæring gjeld for deg som ikkje har fullført  vidaregåande opplæring. Retten gjeld frå året du fyller 25 år (§4A-3 i opplæringslova).

Du må søke om å få vaksenretten på vigo.no.

Har du har fullført tre års vidaregåande opplæring, fått studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller anna yrkeskompetanse, så har du fullført vidaregåande opplæring og har ikkje rett til vaksenopplæring. Du har heller ikkje rett til vidaregåande opplæring om du har gjennomført tre års opplæring, men ikkje bestått i eit eller fleire fag. Kontakt ressurssenteret på næraste vidaregåande skole for meir informasjon.

I vaksenopplæringa skal undervisninga vere fleksibel og tilpassa ditt behov i omfang, tid og stad. Nokre vaksne treng kun nokre fag for å oppnå ønska kompetanse, andre treng heile utdanningsprogram. Kursa er gjerne komprimerte samanlikna med vanleg vidaregåande opplæring.

Når ressurssenteret har gått gjennom utdanninga og erfaringa di (realkompetanse), vil dei kunne tilpasse undervisninga til deg. Du kan også gjennomføre vaksenopplæringa ved fjernundervisning. Dei fleste vaksenopplæringstilboda er på kveldstid, men nokre ressurssenter har og tilbod på dagtid.

Vaksenopplæring kan anten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker. Du kan ta kontakt med ressurssenteret på skolen du ønsker opplæring på for å få meir informasjon.

Får du  vaksenopplæring, får du vurdering i faga du tek. Du vil bli målt etter kompetansemåla og få standspunktkarakter. Vaksenopplæring kan enten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker.

Du kan søke om vaksenrett på vigo.no. Velg fana vaksenopplæring/realkompetansevurdering.

Har du behov for eit opplæringstilbod der du slepp å møte opp fysisk kvar veke? Då kan det vere aktuelt med samlingar kombinert med innleveringar og rettleiing på internett. Dei vidaregåande skulane brukar ItsLearning som digital læringsplattform, og du kan be skulen/ressurssenteret om å legge til rette for at du kan bruke digitale læremidlar i opplæringa.

Det er ressurssentera ved dei vidaregåande skulane i fylket som tilbyr vaksenopplæring.  Dei kan informere om vaksenretten, realkompetansevurdering og vaksenopplæringstilboda. Ressurssenteret tar i mot og behandlar søknaden din om vaksenrett frå vigo.no, tilbyr realkompetansevurdering og tilpassar opplæringstilbodet til ditt behov.

Oversikt over ressurssenter:

Atlanten vgs, ROM 
Atlanten vgs, Dalavn. 25, 6511 Kr.sund    

Tlf: 71 28 38 19/870 35 773

Leiar: Kristin Hjertvik 

kristin.hjertvik@mrfylke.no

Borgund vgs, BORK
Yrkesskolevn. 20, 6011 Ålesund   

tlf: 71 28 12 14/995 97 673

Leiar: Wenche Muren

wenche.muren@mrfylke.no

Herøy vgs    

Herøy vgs, Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg

Tlf: 71 28 18 00/907 89 632

Leiar: Randi Helen Kvalsund  Taklo 

randi.helen.kvalsund.taklo@mrfylke.no

Romsdal vgs, KIM     
Langmyrvegen 83, 6415 Molde   

Tlf: 71 28 33 16/990 24 715

Leiar: Knut Erik Rød 

knut.erik.rod@mrfylke.no

Kristiansund vgs, RIK    
St.Hanshaugen 2 
6514 Kr.sund   

Tlf: 71 28 39 49/906 91 994

Ingeborg Engen

ingeborg.engen@mrfylke.no

Rigmor Gujord 

Tlf: 71 28 40 00/909 83 505

rigmor.gujord@mrfylke.no

Spjelkavik vgs    
Nedre Langhaugen 32, 6011 Ålesund     

Tlf: 71 28 20 11/926 15 359

Leiar: Beathe Nikolaisen Vikestad

beathe.nikolaisen.vikestad@mrfylke.no

Ulstein vgs    
Holskerdalen 180, 6065 Ulsteinvik   

Tlf: 996 49 43

Leiar: Ingvild Slotterøy 

ingvild.slotteroy@mrfylke.no

Du kan ta utdanning på kortare tid hvis du får godskrive tidlegare erfaring. Det heiter realkompetanse: den samla kompetansen ein person har frå praksis og utdanning gjennom heile livet.

Det er ressurssenteret som gjennomfører realkompetansevurderinga. Dei vil kartlegge kva du kan og har lært frå arbeid, utdanning og samfunnsdeltaking. Dette skjer gjennom samtale, eigenvurdering og vurdering av tilsendt dokumentasjon. Deretter vil dei måle kompetansen din mot det læreplanen seier du skal lære i faget det gjeld. Då kjem dei fram til kva som er din godkjente kompetanse og du vil få eit kompetansebevis.

Har du vaksenrett? Eller har du blitt tilvist frå NAV eller kommunen? Då har du rett til å få ei gratis vurdering av realkompetansen din, kva du kan og har lært. Har du ikkje vaksenrett? Da kan du få realkompetansevurdering ved å betale for dette sjølv. 

Vaksne som er tatt inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføre opplæringa. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §4A-3. Det er ikkje oppgitt frist for når fullføringsretten skal bli innfridd.

Om du ikkje får innvilga vaksenrett etter §4A-3 i Opplæringslova, kan du klage på dette. Send klagen til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er og klagerett på realkompetansevurderinga og opplæringstilbodet. Send klage til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er Fylkesmannen som handsamar desse klagene.

Har du ikkje vaksenrett, har du ikkje rett til gratis opplæring. Du kan likevel bli tatt inn i opplæringstilbod for vaksne (vaksenopplæring) dersom det er ledig plass. Då får du fullføringsrett. Du kan og søke om ordinært inntak i vidaregåande opplæring etter §3-1 i Opplæringslova. Ved inntak på VG1-nivå konkurrerer du med karaktergrunnlaget ditt, på lik linje med ungdom. Ved inntak blir vaksne rangert etter unge med rett og vaksne med rett. 

Snarvegar

Kontakt