Du kan søke om rett til fortrinn eller individuell vurdering i inntak til vidaregåande opplæring. Søknadsfristen 1. februar.
Du kan få fortrinn
- fortinn til særskilt utdanningsprogram
- fortrinn på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne
- fortrinn med rett til teiknspråkopplæring
- fortrinn på grunn av vedtak om utdanningsprogram/ programområde over to år.
Du kan få individuell vurdering:
- på grunn av spesialundervisning og manglande vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga.
- i inntak til 4. eller 5. år i vidaregåande opplæring.
- fordi du følger eit behandlingsopplegg, får oppfølging frå barnevern eller er busett i asylmottak.
Rådgivar ved grunnskolen eller den vidaregåande skolen du går ved, skal hjelpe deg med å søke og fylle ut vedleggsskjema.
Om du kan ha rett til fortrinn i inntak til vidaregåande skole, så skal heimkommune melde frå om dette til fylkeskommunen innan 1. oktober. Det er skolen/ kommunen som har ansvar for å sende meldinga.