Skal du bestille skoleskyss for ein skole eller kommune? Dette gjer du via skoleskyssportalen.
Du har rett på fri skoleskyss dersom
*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole
Eleven eller føresette fyller ut søknadskjemaet om skoleskyss leverer dette til skolen. Har eleven delt bustad må skjema for stadfesting om dette bli levert saman med søknaden. Søknadskjema og stadfesting finn du i "Skjema og reglement som gjeld skoleskyss"
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand. Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.
Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.
Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.
Elevar som bur i delt bustad kan ha rett på skyss til to adresser. Det er ikkje krav om absolutt 50/50 omsorgsdeling, men delt bustad skal vere reell og dokumentert. Samværsordning gir ikkje skyssrett. Eleven må levere skjemaet for "Stadfesting av delt bustad" når dei søker om skoleskyss.
Elevar som har rett på skoleskyss, får eit eige skysskort.
Skoleskyssportalen blir brukt av:
Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.
Har du spørsmål om skoleskyss, skoleskysskort eller liknande? Send e-post til framskoleskyss@mrfylke.no
Er du føresatt til ein grunnskoleelev kan du også ta kontakt med skolen eleven går på / skal starte på.
Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.