Ønsker du å klage på standpunktkarakter, eksamen, læringsmiljøet eller anna?
Få tips og råd om korleis du kan klage
- Sett opp klagen i eit formelt brev. Du eller nokon du har gitt fullmakt til må skrive under på brevet.
- Send klagen til skolen. Det er skolen som har ansvar for å sende klagen vidare til rette mottakar. Du kan også sende klagen direkte til den som skal motta den.
- Skriv ei innleiing med ei kort forklaring på kva du ønsker å klage på.
- Deretter bør du ta med faktainformasjon om kva som skjer eller har skjedd. Ver så konkret som mogleg.
- Så bør du skrive noko om korleis du meiner forholda er feil.
- Du bør skrive noko om kva tiltak du ønsker.
- Dei du klagar til bør svare innan rimeleg tid, normalt 3 veker.
- Dersom du ikkje får medhald i klagen, kan du som regel klage på vedtaket (anke). Du kan ikkje alltid klage på resultatet av anken.
- Har du prøvd alle klagemoglegheiter utan å få medhald, kan du også klage til Sivilombodsmannen, eller få saka opp for rettsapparatet.
Det er skolen, fylkeskommunen eller Fylkesmannen som skal sjå på klagen og problemet du tek opp.