Har du mykje arbeidserfaring, men manglar dokumentasjon? Du kan ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat, utan å vere elev eller lærling.
For å gå opp til fag- eller sveineprøve, må du først dokumentere både tilstrekkeleg praksis i faget og bestå ein eigen teorieksamen.
Du vil finne alle søknadskjema du treng på denne sida.
Vaksne som har minst 5 års allsidig praksis innafor eit fag kan bli praksiskandidat. Praksis må være 25 prosent lenger enn læretida i faget. I dei fleste faga vil det seie 5 år i prosent stilling. I nokre fag er det 5 år og 7 månader.
Sjå i læreplanen om praksisen du har er i høve til kompetansemåla i faget.
Du må kunne dokumentere kva praksis har i faget du ønsker å ta fag- eller sveineprøve i, med attestar frå arbeidsgivar eller andre.
Les meir om vurdering av praksis her
Før du melder deg opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat, må du ha bestått ein eigen eksamen.
Fagkoden finn du her. Har du spørsmål om eksamen eller fagkodar, kontakt eksamen@mrfylke.no.
Du melder deg opp på privatistweb.
Teorieksamen blir arrangert av vidaregåande skolar i fylket.
For våreksamen kan du melde deg opp mellom 1. januar og 1. februar
For hausteksamen mellom 15. august og 15. september.
Du kan øve deg på tidlegare gitte eksamensoppgåver. Oppgåvene er
passordbeskytta. Passordet får du ved å kontakte ein vidaregåande skole eller utdanningsavdelinga tlf. 71 28 00 00 eller send e-post til eksamen@mrfylke.no .
Etter at du har bestått teorieksamen, melder du deg opp til fag- eller sveineprøva. Bruk oppmeldingskjema og giro for prøveavgift på denne sida.
Dette må du sende inn til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen der du har folkeregistrert adresse:
- Utfylt oppmeldingskjema
- Kvittering på betalt prøveavgift
- Attesterte kopiar av attester og vitnemål
For oppmelding til første gongs fag-/sveineprøve er avgifta for tida 981 kroner
Stryk du første gong og vil prøve igjen, må du vente 6 månader.
Du må sende inn ny oppmelding og betale ny avgift som no aukar til 1966 kroner.
Kontonummer: 4212 07 70300.
Blir oppmeldinga di godkjent, vil du få eit brev frå fylkeskommunen, der vi ber deg ta kontakt med leiar i prøvenemnda for å avtale tid og stad for fag/sveineprøva.
Kontaktinformasjon til leiar står i brevet.
Du vil bli bedt om å framvise legitimasjon før oppstart av fag-/sveineprøva.
Personer som er tilsette i bedrifter i Møre og Romsdal, men som ikkje er folkeregistrert i Noreg, kan melde seg opp til fag/sveineprøve og få utstedt fag/sveinebrev i Møre og Romsdal.
Kandidatane har same teori- og praksiskrav som andre praksiskandidatar.
Kandidatane må garantere for prøvekostnad ved oppmelding. Kostnaden er kr 12.000,-.
Dersom du har behov, vanskar eller funksjonshemningar som gjør det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det.
Du kan søke om tilrettelegging ved å sende søknadsskjema for tilrettelegging til eksamensskolen. I tillegg til søknadsskjemaet må du sende inn ein uttale frå sakkunnig som gir ei anbefaling for korleis eksamen bør tilretteleggast for deg.
Frist for innsending av søknadsskjema og stadfesting er 30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. I god tid før eksamen vil du få svar på om tilrettelegginga er godkjend. Ta med godkjenninga til eksammen og vis til eksamensvakta.
Særskilt tilrettelegging kan vere:
Tilrettelegginga skal være eigna til å utlikne kandidaten sine dokumenterte vanskar, men skal ikkje vere så omfattande at det gir fordelar som kandidatar som ikkje har tilsvarande tilrettelegging har.
Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.
Du kan lese meir om klage i Forskrift til opplæringslova.
Treng du nytt fag-/sveinebrev, eller vitnemål?
Send ein e-post til dokumentasjon@mrfylke.no med opplysningar om kva du ønsker. Vi sender ut ein faktura etter bestillinga di.
Dersom du ønsker kopi av vitnemål frå vidaregåande skole kan du ta kontakt med skolen direkte.
Type | Pris |
---|---|
Fagbrev eller sveinebrev | Kr 500,- |
Vitnemål | Kr 500,- |
Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette sjølv.