Årets lærling og årets lærebedrift

Årets lærling

Kvart år kårar vi årets lærling i Møre og Romsdal. Prøvenemndene sender inn forslag på aktuelle kandidatar til prisen, og følgande kriterium blir lagt til grunn for vurderinga dei gjer:

  • Ei særs dugeleg gjennomført fag-/sveineprøve der det blir lagt vekt på fagleg kunnskap og ferdigheit utanom det vanlege.
  • Det skal leggast vekt på positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden. Dette inneber ei heilskapleg vurdering av kandidaten som fagperson.

Utdanningsavdelinga og Yrkesopplæringsnemnda vurderer dei innkomne forslaga og kårar ein vinnar.

Årets lærling får 10 000 kroner, diplom og blomster. Lærebedrifta der lærlingen har vært ansatt får også diplom og blomster.

Årets lærebedrift

Kvart år kårar vi årets lærebedrift i Møre og Romsdal.

Opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar med grunnlag/fagleg bakgrunn for å nominere kan sende inn forslag. Juryen vil foreta ei totalvurdering av dei nominerte bedriftene og prisen gis til ei bedrift som har utmerka seg i sitt arbeid med lærlingar.

Kriteria som skal ligge til grunn for tildeling av prisen er:

  • Bedrifta er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
  • Bedrifta har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
  • Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
  • Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
  • Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Yrkesopplæringsnemnda vurderer forslaga som kjem inn og kårar ein vinnar.

Du kan nominere årets lærebedrift på sida Tilskot, prisar og stipend