Karriererettleiing etter integreringsloven

Karriererettleiing for nye deltakarar i introduksjonsprogrammet

Det er fylkeskommunen sitt ansvar å gjennomføre karriererettleiinga. I Møre og Romsdal fylkeskommune er det Karriere Møre og Romsdal som har ansvaret for det faglege innhaldet og den praktiske organiseringa.

« § 11. Karriereveiledning

Personer som omfattes av § 8 første ledd, har rett og plikt til å gjennomføre karriereveiledning. Karriereveiledningen skal bygge på kompetansekartleggingen etter §§ 6 eller 10, og bør gjennomføres før det fattes vedtak etter § 12.

Karriereveiledningen skal bidra til at den enkelte kan ta informerte valg om arbeid og utdanning og til at introduksjonsprogrammet blir tilpasset den enkeltes behov.

Fylkeskommunen skal sørge for karriereveiledningen.

Når karriereveiledningen er gjennomført bør det gis en anbefaling om arbeid eller utdanning for den enkelte deltager innenfor rammen av §§ 13 og 14

(Integreringsloven)

Organisering og innhald

Karriere Møre og Romsdal skal utføre den individuelle rettleiinga som er på 90 minutter. Denne karriererettleiinga skal bidra til at den enkelte kan ta informerte val om arbeid og utdanning og til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa den enkelte sitt behov. Når rettleiinga er gjennomført, bør det bli gitt ei anbefaling om arbeid eller utdanning for den enkelte deltakar innafor ramma av §§13 og 14, etter §11. Denne anbefalinga kjem i form av eit notat som skal leggast på IMDI-nett Bosetting. Denne individuelle rettleiinga skal være starten på prosessen for karrierelæringa til deltakaren. Vi har difor sagt at denne rettleiinga må vere ein 3-kantsamtale der programrådgivar óg er med. Det er viktig at rettleiar og programrådgivar utviklar eit samarbeid og ei forståing for korleis denne karrierelæringa skal vere for deltakaren utover i løpet på introduksjonsprogrammet. Rettleiaren frå Karriere Møre og Romsdal kjem ut til kommunane for å gi denne karriererettleiinga og den skal gjennomførast med bruk av tolk. No i oppstarten ønsker vi at kommunane skaffar tolk til kvar rettleiing. Kostnaden med tolk skal fylkeskommunen betale. 

Fylkeskommunen skal fortsette med tilbodet om at deltakarar på introduksjonsprogrammet får delta på karrieredagane og hospitering på dei vidaregåande skulane kvart år, som ein del av karrierelæringa. 

Bestilling

Karriererettleiing bestilles her:

karrieremr@mrfylke.no eller hilde.meringdal@mrfylke.no

Kommunen ved flyktingetenesta sender e-post om kor mange dei ønsker å få rettleiing til og kven i flyktningetenesta Karriere Møre og Romsdal sin rettleiar skal ta kontakt med. Karriere Møre og Romsdal tek da kontakt med riktige programrådgivar for å få kompetansekartlegging av deltakaren og avtale tid for rettleiingssamtalen. Bestill time minimum 2 veker før de ønsker rettleiinga!

Tolk

Kommunen bestiller tolk og sender refusjonskrav til fylkeskommunen for kostnaden.

Fakturaadresse: 
Møre og Romsdal fylkeskommune
Postboks 2501
6404 Molde

Fakturareferanse: 20000

Organisasjonsnummer: 944 183 779

Informasjon til deltakarane

Vi ønsker at kommunane gir deltakarane informasjon om karriererettleiing i forkant. Kompetanse Norge har utarbeidd eit informasjonsskriv om karriererettleiing. Det er tilgjengeleg på fleire språk og ligg her: Informasjon om karriererettleiing på ulike språk

Etter karriererettleinga

Etter at rettleiinga er gjennomført, vil karriererettleiaren frå Karriere Møre og Romsdal fylle ut karriererettleiar sitt notat etter mal frå IMDi. Det blir sendt til kontaktperson i kommunen og karriererettleiar tek kontakt for å formidle at notatet er ferdig. Notat vil bli sendt over innan 5 virkedagar til kommunen. Kommunen må legge dette inn i IMDi- nett. Karriererettleiaren og Karriere Møre og Romsdal vil være tilgjengeleg for avklaringar, spørsmål eller andre behov for samarbeid i etterkant av rettleiinga.

NB! Vi har fortsatt ikkje tilgang til IMDi- nett, men håper vi kan få tilgang i løpet av 2021.

Kontakt