Fagskole

Fagskolen gir ei høgare yrkesfagleg utdanning på to år. Utdanninga gir kompetanse som du kan ta i bruk direkte i arbeidslivet. For å komme inn på fagskolen må du ha relevant fagbrev frå vidaragåande skole eller realkompetanse. 

Kva tilbod finst i Møre og Romsdal?

Fagskolen i Møre og Romsdal gir opplæring to stader i fylket:
Fagskolen i Kristiansund
Fagskolen i Ålesund  

Desse studieretningane kan du velje mellom: 

  • maritime fag, maskinoffiser og dekksoffiser
  • kjemi, prosessteknikk
  • petroleumsteknologi, boring og havbotninstallasjonar
  • helse og sosialfag, psykisk helse
  • bygg og anlegg
  • elektro med fordjuping i automatisering
  • teknikk  og industriell produksjon med fordjuping i maskinteknikk

Slik søker du Fagskolen

Du skal søke på Samordna opptak innan 15. april. Det er felles opptak for heile landet. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen til fagskolen er 15.april. 

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om opptak, kan du ta kontakt med Samordna opptak.

Andre spørsmål kan du stille direkte til ein av fagskolane i fylket.