Søknad om midlar til fysiske trafikktryggingstiltak med kommunetilskot (50/50)

Skriv ut

Kvart år løyver Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune midlar til trafikktryggingstiltak på og langs fylkesveg og kommunale vegar, delvis finansiert av kommunane. Dette er i tråd med vedtatt økonomiplan og politiske føringar.

Tilskot gjennom denne ordninga skal nyttast til å mellom anna sikre skolevegar gjennom fysiske tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar. Tilskot gjennom ordninga dekkjer 50 % av tiltaket. Møre og Romsdal fylkeskommune sender i januar kvart år ut brev til alle kommunane i fylket, der kommunane blir invitert til å søke om tilskot. Invitasjonsbrevet inneheld informasjon om kva kommunane kan søke om tilskot til, vilkår for prosjekta, kva slags prosjekt som vil bli prioritert, søknadsfristar m.v. Det blir også sendt ut eit prosjektskjema som må fyllast ut for kvart enkelt prosjekt.

Vi ber om at kommunane legg den kommunale trafikktryggingsplanen til grunn for søknad om tilskot til trafikktryggingstiltak

 

For tildeling av midlar til fysiske trafikktryggingstiltak set Møre og Romsdal fylkeskommune følgande vilkår:

  • Prosjektet må vere godt dokumentert, og det må gå fram av kart og omtale kva for problem prosjektet vil løyse.
  • Prosjektet må i hovudsak vere ferdig planlagt før oppstart og gjennomføring. For tiltak som krev regulering må det føreligge ein godkjend reguleringsplan ved søknadstidspunktet.
  • Grunnerverv må vere ordna frå kommunen si side.
  • Kommunal del av finansiering må vere garantert for ved søknadstidspunktet.
  • Mindre prosjekt skal gjennomførast i tildelingsåret.
  • Større prosjekt skal gjennomførast seinast året etter tildeling.
  • Det er ein fordel om tiltaket er prioritert i kommunen sin trafikktryggingsplan.
  • Det blir ikkje gitt tilskot til kommunar som har allereie har prosjekt som er forseinka.

Prosjekt som har eit godt søknadsgrunnlag, med ferdig grunnerverv og formelt plangrunnlag i orden (t.d. vedtatt reguleringsplan), blir prioritert. Fylkeskommunen vil legge vekt på i kva grad tiltaka har ein trafikktryggingseffekt. Det er og ein fordel om tiltaket er prioritert i kommunen sin trafikktryggingsplan.

I tilfelle der to like tiltak må vurderast opp i mot kvarandre, vil kommunen som har tiltaket i gjeldande trafikktryggingsplan, bli prioritert. Omfang av tildelingar frå tidlegare år vil også takast med i vurderinga, for å sikre mest mogleg lik behandling av kommunane/ god fordeling av midlane i fylket.

I juni kvart år blir det lagt fram ei sak for Samferdselsutvalet om fordelinga av midlar til fysiske trafikktryggingstiltak med kommunetilskot (50/50) for komande år. Kva prosjekt som får tildelt midlar blir vedtatt i dette møtet.

Tilskotsordninga føreset kostnadsdeling av anleggskostnaden for prosjektet. Det vil seie at kostnader til planlegging (utarbeiding av reguleringsplan) og kostnader til administrasjon må dekkjast av kommunen.

Kommunen må og dekkje kostnader til erstatning av grunn og ulemper. Kostnader knytt til prosjektering, riving og flytting av bygningar og oppsetjing av veglys inngår i anleggskostnaden. Kommunane får refundert meirverdiavgift frå staten gjennom momskompensasjonsordninga på tiltak der kommunen sjølv blir ståande som eigar av anlegget.

Kommunane får ikkje refundert meirverdiavgift gjennom momskompensasjonsordninga på tiltak kor fylkeskommunen blir ståande som eigar av anlegget. I slike tilfelle må det etablerast ein justeringsavtale mellom kommunen og fylkeskommunen.

Meirverdiavgift skal derfor ikkje dekkjast av tilskotet og heller ikkje inngå i den totale anleggskostnaden.

Mottakar av tilskot er ansvarleg for overskridingar på prosjekt/tiltak utover kostnadsoverslaget som er lagt til grunn ved tildelinga. Ved eventuell kostnadsreduksjon blir tilskotet redusert til 50% av dei faktiske kostnadene.

Tiltak som ikkje er utført innan fristen for sluttrapportering mistar tildelinga, for å sikre at midlar til trafikktrygging kjem «ut på vegen» til rett tid. I særskilte høve kan det, etter søknad, innvilgast overføring av midlar til året etter.

Mottakar av tilskotet har plikt til å varsle fylkeskommunen så snart som mogleg, dersom prosjektet ikkje lar seg gjennomføre i samsvar med vilkåra (teknisk/fagleg, økonomisk eller til rett tid).

Kommunale vegar

Kommunar som mottar tilskot for trafikktryggingstiltak, skal vere byggherre for tiltaket. Vidare er byggherre ansvarleg for at tiltaket blir gjennomført i tråd med søknaden.

Tildeling av midlar til trafikktryggingstiltak med kommunetilskot inneber inga formell godkjenning av tekniske planar for prosjekt som gjeld kommunale vegar, men der prosjekt grensar mot fylkesvegar skal fylkeskommunen godkjenne detalj- og byggeplanar. Dersom fylkeskommunen ser det nødvendig, skal det og opprettast gjennomføringsavtale.

Fylkesvegar

I tilfelle der ein kommune skal utføre tiltak på fylkesvegnettet, må det utarbeidast ein gjennomføringsavtale mellom kommunen som utbyggar og fylkeskommunen som vegeigar.

Anlegg i kommunal regi på og langs fylkesveg, eller som på annan måte grip inn i vårt vegnett, skal ikkje setjast i gong før det vert halde oppstartsmøte med representantar frå fylkeskommunen til stades. I prosjekt som gjeld fylkesveg skal fylkeskommunen godkjenne detalj- og byggeplanar.

Bygging av gang- og sykkelveg langs «gamle fylkesvegar» for desse tilskotsmidlane krev at den enkelte kommune tar på seg ansvar for drift og vedlikehald i etterkant, på lik linje med gang- og sykkelvegar langs desse fylkesvegane elles.

Når politisk vedtak er fatta, sender Møre og Romsdal fylkeskommune tilbakemelding til alle kommunar som har søkt om tilskot.

Kommunane som får tilskot vil få tilbakemelding om kva prosjekt dei får tilskot til, og storleiken på tilskotet. Tildelingsbrevet skal også innehalde vilkåra for utbetaling av tilskot. Kommunane må, etter å ha mottatt tildelingsbrev, melde tilbake til Møre og Romsdal fylkeskommune om vilkåra for tilskotet er akseptert.

Kommunane som ikkje får tilskot, vil få ei tilbakemelding om kvifor tiltaket/-a ikkje blei prioritert.

Undervegs i prosjekta må kommunane levere ein framdriftsrapport som gir informasjon om status i pågåande prosjekt. Når kommunen har gjennomført prosjekt dei har fått tilskot til, må kommunen sende oppmoding om utbetaling, vedlagt sluttrapport og avslutta rekneskap til Møre og Romsdal fylkeskommune for å få utbetalt tilskotet.

Vi gjer merksam på at tilskotet er eit nettotilskot. Sluttrapport og rekneskap der kostnader eksklusiv MVA kjem fram, skal vere attestert av kommunerevisor.

Spesielt om erverv av grunn og innmåling av ferdigvegdata:

Kommunen er ansvarleg for grunnavtalar, oppmåling og matrikkelføring av veggrunnen. Før utbetaling av tilskotet skal kommunen oversende kopi av grunnavtaler, eventuell utskrift av skjønn, og dokumentasjon på at nye veggrenser er matrikkelført.

Innmåling av ferdigvegdata er å sjå på som ein del av anleggskostnadene, og skal utførast som del av utbygginga. Dette medfører at alle endringar i kartgrunnlag, både over og under bakken, som følgje av prosjektet skal målast inn etter gjeldande objektlister.

Desse retningslinjene trer i kraft 1. januar 2024 etter vedtak i Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal 15. juni 2022.

Fysiske trafikktryggingstiltak med kommunetilskot

Oversiktskart/skisse som viser lokalisering av prosjektet skal leggast ved søknaden. Før på nordpil, nødvendige stads- og vegnamn, vegnr, skular, butikk og bustadområde.