Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld tilskot til produksjon og til formidlinga av prosjekt, for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal fylke.

Skriv ut

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma er på 1 million kroner.

Søknadsfrist

15. april og 1. oktober

Tilskotsordninga skal bidra til å vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg profesjonelt kunst- og kulturtilbod for befolkninga ved å: 

  • stimulere til auka kunstfagleg produksjon av høg kvalitet  
  • stimulere til auka kunstfagleg formidling av høg kvalitet 
  • gi utøvarar innan alle uttrykk moglegheit å arbeide med gode prosjekt 
  • stimulere til auka visning av kunst og kultur i heile fylket 

Profesjonelle kunstnarar og kunstnarlege fagmiljø innan alle kunstuttrykk og sjangrar.  

Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan vere samarbeidspart i prosjektet, men ikkje stå som søkar. 

Det blir ikkje gitt tilskot til amatørverksemd, men det kan bli gitt tilskot til profesjonelle sitt bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar. 

Alle søkarar må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.  

  • Produksjon og utvikling av åndsverk som eit publikum skal oppleve og/eller delta i
    • Produksjon og ferdigstilling av materiale 
    • Tilrettelegging og distribusjon 
  • Produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd og komponering (for eksempel innspeling og turné) 
  • Produksjon og formidling av scenekunst 
  • Manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon 
  • Produksjon og formidling av film 
  • Produksjon og formidling av visuell kunst, som for eksempel foto, biletkunst, kunsthandverk, performance 
  • Samansette prosjekt som fell innanfor kategoriane nemnt ovanfor

Det gis ikkje støtte til:

  • pilot- og forprosjekt
  • kostnadar til teknisk bistand og utstyr og innkjøp av rekvisittar
  • seminar, studiereiser eller utgifter til kurs/utdanning
  • prosjekt som allerede er gjennomført

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. september, i god tid før søknadsfristen 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast.
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnad- og finansieringsplan).
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket)
  • CV på alle deltakarar i prosjektet
  • oversikt over materiale som er relevant for prosjektet

Alle vedlegg skal vere digitale og tilgjengelege i minimum 6 månadar etter søknadsfrist. Hugs å gi opp passordet til lenker til filmar i Vimeo. Eventuelle nettlenker må peike direkte til det aktuelle relevante materialet.

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfrist.

  • Tildelinga gjeld det som er beskrive i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Tildelinga kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale driftsbudsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskotet bli avkorta.

Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heima i statleg bevilgningsreglement § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt

  • Tildelinga gjeld det som  står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.

Rapport og rekneskap

  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket.

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande. 

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.