Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar - Møremusikarordninga

Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar.

Skriv ut

Profesjonell kunst- og kulturformidling skal gi innbyggarane eit relevant og mangfaldig kulturtilbod gjennom heile livet. Fylkeskommunen skal i samarbeid med andre legge til rette for gode rammevilkår for både kunstnarar, frivilligheita og aktørar i feltet.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma er på 1 300 000 kroner. 

Søknadsfrist

15.januar, 15.mars, 15.mai, 15.august, 15.oktober

Formålet er å sikre gode profesjonelle musikktenester til kulturlivet og å legge til rette for kulturarrangement med høg kvalitet i Møre og Romsdal. Ved å støtte opp om dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet legger ordninga til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket.

  • Konsertarrangørar
  • Kulturinstitusjonar
  • Det frivillige musikklivet
  • Det lokale næringslivet
  • Andre organisasjonar

Bruk av profesjonelle musikarar som medverkar i/med

  • alle typar konsertar
  • instruksjonsoppdrag
  • akkompagnement
  • arrangering og komponering i samband med konsertar
  • assistansespel i amatørensemble
  • profesjonelle ensemble
  • kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd

Kommunar inklusiv kulturskolar, fylkeskommunen, undervisningsinstitusjonar og private arrangement kan ikkje få tilskot.

Messing
Stjin Bjerbe  Alt-horn
Gaute Aamlid  Horn
Eric Dullaert  Horn
Tor Haram   Horn
Magnhild TafjordHorn
Gunnar Bech  Trombone
Geir Opaas Trombone
Skjalg Fladset-SkroveTrombone
Lars-Andrè Gudmundset Tuba
Rune Eide Trompet, Dirigent
Arild Brekken Trompet
Jens Kristian Mordal Trompet, messing
Kåre Nymark Trompet
Emil E. Holmesland Trompet
Jon Gorrie Trompet
Tom Gontier Trompet
Solvår Eriksen Trompet
Orgel, piano og trekkspel
Erik Fostervoll   Orgel
Asgeir HoffartPiano
Hedda Hansen Berg  Piano
Ilona Ruseckaite-Lapinskiene Piano
Radmila Stojkovic  Piano, klassisk
Arne Torvik  Piano, rytmisk, jazz og klassisk
Dag-Filip Roaldsnes  Piano, rytmisk, jazz og klassisk
Martin Bredin  Piano, dirigent, arrangør og instruktør
Margaret Rensvik  Piano, cembalist og kordirigent
Rune Tylden Piano, orgel, tangent, instruksjon, direksjon og arrangering
Knut Ivar BøeTrekkspel
Strenger
Øystein SandbuktGitar
Arnt Inge Torheim  Gitar
Trond SalthammerGitar, folkemusikk og rock
Ketil StrandGitar
Lars Martin VikBass, rytmisk
Kjetil GjelstenliBass, rytmisk
Sindre KlykkenBass, rytmisk 
Strykarar
Anna OstachowskaBratsj
Linda Bønes Bratsj
Per Kåre FossumCello
Samuel Skrede Cello
Zhala AliyevaCello
Jorunn Marie Kvernberg Fele, hardingfele
Torgeir Leivdal  Fele, hardingfele
Britt Elise Skram   Fele, hardingfele
Judit Toth SyltheFiolin
Ai-Ling Chiu  Fiolin
Sharleen Clapperton Fiolin
Synnøve Hammervold  Fiolin
Geir Heggdal  Fiolin
Karoy Kincses  Fiolin
Ove Kvangarsnes Fiolin
Martin Schiessler Fiolin
Steinar Rinde  Fiolin
Trond Harald Saltnes 

Fiolin

Øyvind Robak  Fiolin og bandoneon
Odd Sonntag Fiolin
Øystein Salhus  Fiolin
Tor Andreas Dyrseth  Kontrabass (klassisk)
Jostein Bolås Brødreskift Kontrabass
Slagverk
Jo Inge Nes Slagverk
Miki Campins Slagverk
Børre DalhaugSlagverk
Hans Petter Gyldenskog Slagverk
Arnt Olav Kaldvansvik  Slagverk
Simon Kongshaug Slagverk
Joachim Orvik Slagverk
Robert Sztorc Slagverk
Kiril Kirilov Slagverk
Treblåsarar
Bente Dyrhaug Fagott
Wojciech Ulatowski Fagott
Carina Sørum Øgaard Fløyte
Oskar Slettfjerding   Fløyte
Yuri Hashimoto   Fløyte
Jasmina CivicFløyte
Øyvind Granden Berg Fløyte
Stefan BockenKlarinett
Agnete S. TeigeKlarinett
Ebba Ringmar  Obo
Kjetil IngvaldsenSaksofon
Olav Tornes Saksofon
Peter WergeniSaksofon
Songarar
Sigrid Vetleseter Bøe Song, sopran
Lone Eines Song, sopran
Gail Opaas  Song, sopran
Marianne Ravn Stavseng  Song, sopran
Ole Andreas Silseth Song, tenor
Mathias Tvedten Song, baryton
Hallvard DjupvikSong, tenor
Stephanie LippertSong, sopran

Støtteordninga er open for nye søknadar heile året. Du søker støtte via regionalforvaltning.no

  • Namn på arrangør, kontaktperson, arrangement og organisasjonsnummer
  • Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale og kommune)
  • Kort beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa
    deltakarar, samarbeidspartar, program
  • Arrangementstype til dømes ulike konsertar, assistansespel, instruksjon, seminar
  • Namn på profesjonelle musikarar ein ønskjer eller har avtalt å leige inn samt
    eventuelle frivillige som skal stå på scena saman med profesjonelle musikarar
  • Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan). Musikarhonorar og
    forventa kostnader til reise må også kome fram
  • Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket).

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for
søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

  • Arrangement med profesjonelle musikarar busett i fylket
  • Arrangement der frivillig musikkliv framfører saman med profesjonelle musikarar på scena
  • Arrangement som medverkar til måloppnåing i relevante dokument nedst på sida.

For å sikre eit best mogleg mangfald av kulturarrangement, blir det gjennom året gjort ei heilskapleg vurdering av type arrangement, type søkar, geografi, gjentakande søkarar på denne og andre
fylkeskommunale tilskotsordningar.

  • Innleigde profesjonelle musikarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard.
    Arrangørane må sjå til Creo sine satsar, eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken
    (DKS).
  • Godtgjering for reise, diett og naudsynt overnatting skal skje etter Statens regulativ (lenke
    opnast i ny fane).
  • Det skal gå klart fram av kunngjering (annonse/plakatar/program o.l.) at arrangementet blir støtta av Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Laste ned logo her
  • Det blir ikkje gitt støtte til arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen.
  • Arrangement får ikkje støtte når framføringsdato er under 4 veker etter søknadsfrist.
Kontroll
  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for
    tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle
    opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik
    kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10.
Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak
    i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette
    fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt
    eller delvis bli kravd tilbake
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje
    betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk
    trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.
Rapport og rekneskap
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre
    månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under
    200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som
    ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.
  • Rapporten skal innehalde namn på musikar(ar) som blei brukt, kort beskriving av
    arrangementet og tal på deltakarar/publikum.
  • I rekneskapsrapporten skal musikarhonorara vere synleggjort

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10).

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program,
informasjonsdokument, rapportar og liknande.

Det skal komme fram i eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal
fylkeskommune.

 

Dokumenter

Kontakt