Yrkesfagleg rekvalifisering - tilskot til kompetanseheving for tilsette i godkjente lærebedrifter

Formålet med ordninga

Formålet med ordninga er å mobilisere personar med godkjent studie- eller yrkeskompetanse til å ta eit nytt fagbrev. Dette skal medverke til at verksemder i privat og offentleg sektor kan møte dagens og framtida sitt kompetansebehov og samtidig styrke varig tilknyting til arbeidslivet for den tilsette.

Skriv ut

Kven kan søke? 

Det er lærebedrifta eller kommunen som kan søke og vil få utbetalt midlane.

Kva kan det søkast støtte til? 

Det kan søkast støtte ved teikning av lærekontrakt for kvalifisering til nytt fagbrev eller fagbrev etter fullført studiekompetanse.

Eksempel på utgifter som støtta kan brukast til: kursavgift, organisering og gjennomføring av opplæring, utgifter til fagprøve og eksamen. Det kan søkast støtte om 65 000 kroner per kandidat.

Søknaden må innehalde: 
* Kompetansebehovet i lærebedrifta
* Oversikt over kandidatar som ønskjer å ta fagbrev 
* Opplæringsplan for kandidatar det søkast midlar for 

Dersom det er mange søkarar med få år att i arbeidslivet, vil fylkeskommunen vurdere å innføre øvre aldersgrense.  

Lærekontrakt 

Når bedrifta teiknar lærekontrakt med tilsette som skal ta nytt fagbrev eller lærekontrakt etter fullført studiekompetanse, vil det følge basistilskot 2 med kvar kontrakt. Basistilskot 2 utgjer 5 452 kroner pr månad. Støtta frå ordninga «Yrkesfagleg rekvalifisering» kjem i tillegg til basistilskot 2. 

Kontakt