Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga er i hovudsak retta mot utsette bransjar og bedrifter som har lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å miste læreplassen. 

Skriv ut

Formål

Formålet med ordninga er at elevar får læreplass og at lærlingar kan behalde læreplassen.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskotet skal brukast til tiltak retta mot lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som er/står i fare for å bli permittert eller miste læreplassen. Målet med tiltaka skal vere at desse får kome tilbake eller behalde læreplassen sin. Tiltaka skal også bidra til å auke inntaket av lærlingar. 

Søknaden må innehalde ei beskriving av bedrifta sin situasjon grunna pandemien, og tiltaka må vere godt grunngjeve.  Søknadar om å dekke kostnader til løn, arbeidsklede og verktøy eller tidlegare kostnadar blir ikkje innvilga.

Tiltak som går under tilskotsordninga kan vere:

- Tiltak som bidrar til at lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar får fullført læreløpet i bedrift.

- Tiltak knytt til inntak av lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar. Det kan for eksempel vere tilskot for auka inntak av lærlingar (inntil 25 000 kroner pr. lærling), overførte lærlingar frå andre bedrifter (inntil 30 000 kroner pr. lærling) eller tilskot til nye lærebedrifter ved inntak av lærling (inntil 25 000 kroner pr. lærling).

Kven kan søke?

Frittståande lærebedrifter og medlemsbedrifter i opplæringskontor kan søke om tilskot.

Søknadsfrist:

Midlane blir tildelt løpande og så langt ramma rekk. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere skjønnsmessige vurderingar av søknadane. 

Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Kontakt