Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Ordninga skal anten kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om nye utdanningstilbod, eller danne grunnlag for oppretting av nytt tilbod.
Støtte til å utvikle nye utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i Møre og Romsdal. Det er føresetnad om at prosjekt som skal få støtte frå ordninga har eit samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet.
Nye utdanningstilbod kan vere innanfor:
Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen både utvikling av nye emne og fag, men også nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på som er tilpassa behova i arbeidslivet.
Eksempel på kostnadar som ein kan få støtte til:
Forprosjektmidlar kan ikkje nyttast til:
Fylkeskommunen kan støtte maksimalt 50 prosent av totale kostnadar, inntil 400 000 kroner
Både representantar frå utdaningstilbydarar (universitet/høgskolar, fagskolar, vidaregåande skular, ressurssenter) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Det er ein føresetnad at både utdanningstilbydarar og arbeidslivet er med i prosjektet
Søknadsfrist er løpande gjennomåret. Søknaden må vere sendt innan 15. november for behandling inneverande år.
Søk via søkeportalen Regionalforvaltning.no.
Støtteordninga heiter 'Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod'.