Reiseliv – utvikling av berekraftige opplevingar

 

 

Skriv ut

Formål:

Ordninga skal støtte gode prosjekt/utviklingstiltak som bygger opp under posisjonen «Møre og Romsdal som opplevingsfylke nr. 1». Prosjekt skal bidra til å skape og spre aktivitet i heile Møre og Romsdal - heile året, og bygge på målsettingar for eit berekraftig reiseliv i Scenario 2030 -  «Attraktivitet gjennom berekraft»

Kva kan du søke tilskot til?

Utviklingstiltak for reiseliv- og opplevingsnæring. Det kan til dømes vere:

  •  Utvikling av nettverk og samarbeid mellom reiseliv-, mat- og kulturaktørar
  •  Forstudie og forprosjekt for utvikling av nye attraksjonar
  • Kompetanseheving
  • Tiltak som kan fremme forsking og innovasjonsarbeid i reiselivet
  •  Andre fellestiltak som bidrar til berekraftig utvikling av reiseliv og opplevingsnæring i Møre og Romsdal

Kva kan vi ikkje støtte?

  • Utvikling av enkeltbedrifter
  • Marknadsføring, mellom anna utarbeiding av marknadsmateriell, brosjyrar, portalar/nettsider, infoskilt, digitale verktøy m.m.
  • Utarbeiding av «masterplaner» eller andre kommunale planer for reiseliv

Kven kan søke?

Destinasjonsselskap, kommunar eller andre utviklingsaktørar. Enkeltbedrifter kan ikkje søke, men bør heller ta kontakt med Innovasjon Norge.

Generelle vilkår:

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført
  • Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time
  • Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode.
  • Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra.

Saksbehandling:

Søknad skal leverast på www.regionalforvaltning.no

Søknadane blir behandla fortløpande. Saksbehandlingstida kan vere inntil tre månader.

Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen)

Søknadsfrist:

Løpande gjennom året.

Kontakt