Opplev heile Møre og Romsdal - heile året (forprosjekt)

Søk inntil 50 000 kroner til forstudie/forprosjekt til å etablere nettverk og utvikle ein idé til nye opplevingtilbod for turistar og lokalbefolkning i Møre og Romsdal. 

Skriv ut

Formål

«Opplev heile Møre og Romsdal – heile året» er ei treårig satsing med mål om å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål. For å styrke vår felles ambisjon om å bli «Opplevingsfylke nr. 1 i Norge» treng vi fleire opplevingar skjeringspunktet reiseliv og kultur. Det er mangfaldet av opplevingar som gjer oss attraktiv. 

Eit av tiltaka i satsinga, er å invitere til etablering av inntil 10 nettverksprosjekt. Formålet med nettverka er å utvikle nye opplevingar som vil vere spennande både for turistar og lokalbefolkninga.

Kvart nettverk kan få inntil 50 000 kroner til å vidareutvikle ideen sin fram mot utlysing av hovudprosjekt våren 2023.

Målgruppa for denne utlysinga

Alle som føler seg heime i omgrepet opplevingsnæringane, dvs aktørar innan: 

  • Mjuke opplevingar som teater, konsertar, museum, historiske spel, kulturmiljø, festivalar og historiske ferdselsårar
  • Aktive naturopplevingar som mellom anna kajakk, klatring, rafting, ski, sykkel og vandring
  • Tradisjonelt reiseliv som hotell, restaurant og campingplassar

Kriterium for tildeling av midlar til forstudie/forprosjekt

  • Nettverka må bestå av aktørar frå både kultur og reiseliv
  • Det skal utviklast opplevingar som vil bidra til å forsterke ambisjonen om å bli opplevingsfylke nr. 1 i Norge
  • Prosjektet må bidra til å forlenge turistsesongen, helst mot heilårsturisme samt til spreiing av trafikken geografisk i fylket
  • Alle tiltak/opplevingar må vere tufta på prinsippa for ei berekraftig opplevingsutvikling (verdiskaping, klima/miljø og lokalsamfunn).

Søknaden må innehalde

  • Ei skisse på kva som skal gjerast i forstudien/forprosjektet, kva type opplevingar kan tenkast utvikla i nettverket
  • Kort presentasjon av aktørane/bedriftene som inngår i nettverket. Vi har forståing for at det både kan kome til nye aktørar og at aktørar kan melde seg ut av nettverket gjennom prosessen.
  • Det må vere ein hovudsøkar på vegner av nettverket
  • Kostnadsoverslag / budsjett som viser kva som skal gjerast i forstudien/forprosjektet og kostnadar på tiltak, for eksempel møtekostnader, reisekostnader, innleige av ekstern kompetanse og utarbeiding av analyser
  • Minst eit resultatmål må definerast – kva ønsker ein å oppnå/løyse

Korleis søke

Søknad om midlar gjerast i portalen  www.regionalforvaltning.no

Krav til rapportering og utbetaling

  • Ein kortfatta prosjektrapport som viser kva som er gjort, kven som har vore involvert og kva har ein oppnådd (resultatmål)
  • Prosjektrekneskap som viser kva kostnader som har påløpt. Timelister over kven som har vore involvert, antal timar og timepris må følge med. Maksim timepris på eige arbeid er 700 kroner.

Møre og Romsdal fylkeskommune kan dekke inntil 50 000 kroner av dokumenterte kostnader. Tilskot til forstudien/forprosjekt vil bli gitt som bagatellmessig støtte.

Kontakt