Det overordna målet for prosjektet Omstilling av Geirangerfjord verdsarvområde med omland er å jobbe for ei berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Dette skal prosjektet oppnå gjennom aktivitetar som skal føre til:
Prosjektet kan gje tilskot til utviklingstiltak som støttar opp om desse måla.
Kommunar, organisasjonar eller nettverk av bedrifter som skal gjennomføre fellestiltak.
Tiltak i regi av, eller retta mot utvikling av enkeltbedrifter, kan ikkje støttast.
Tiltak må vere retta mot problemstillingar knytt til Geiranger verdsarvområde, men aktiviteten treng ikkje å vere utelukkande geografisk avgrensa til dette området.
Forstudiar og forprosjekt kan støttast med inntil 50 prosent tilskot. Ved gjennomføring av hovudprosjekt skal tilskot avgrensast til 33 prosent av totalkostnad.
Styringsgruppa kan i særlege tilfelle gjere unntak frå dette.
Støtte frå Omstilling Geiranger skal i størst mogleg grad kombinerast med eigeninnsats og finansiering frå andre kjelder.
Søknad skal registrerast i regionalforvaltning.no.
Det er ingen søknadsfrist, søknader blir saksbehandla så lenge det er midlar tilgjengeleg.
Fylkeskommunen legg fram søknadsvurdering med innstilling for styringsgruppa for prosjektet, som gjer vedtak om tildeling.
Reglar for saksbehandling i forvaltningslov, habilitetsregelverk og regelverk for statstøtte ligg til grunn.