I anledning Frivillighetens år 2022 inviterer Riksantikvaren frivillige lag og foreiningar til å søke midlar til tilrettelegging, skjøtsel og formidling av lokale, historiske ferdselsårer.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil særleg oppfordre til satsing på delar av Postvegen, gamle kyrkjevegar, setervegar, vegfar/stiar knytt til gøymestadar og fluktruter under krigen, og vegar/ stiar til gamle gruver.
Foreiningar/organisasjonar kan søke om tilskot på inntil kr 100 000. Søknaden sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune, Seksjon for kulturarv. Søknadsfrist er 15. mars 2022
Kvar foreining/organisasjon kan søkje om tilskot på inntil kr 100.000.
Midlane skal gå til arbeide på historiske stiar, vegar, ruter, rundar og andre ferdselsårer, eller deler av desse. Hensikta er å gjennomføre ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, tilrettelegge og formidle lokale, historiske ferdselsårer.
Midlane kan både gå til etablering og opning av nye historiske ferdselsårer eller revitalisering av eksisterande.
Ferdselsårene må ha blitt nytta til ferdsel og transport i tidlegare tider, eller vere knytt til eit historisk tema, og tiltaket må legge til rette for auka engasjement og synleggjering av dei lokale, historiske ferdselsårene i 2022.
15. mars 2022
Interesserte lag og foreiningar må sende søknad til fylkeskommunen som prioriter søknadane og sender desse samla til Riksantikvaren.
Riksantikvaren vil på grunnlag av fylkeskommunen si prioritering fordele midlane og sende tilskotsbrev til søkarane med kopi til fylkeskommunen.
Midlane blir sendt samla til fylkeskommunane, som utbetaler til søker når tiltaket er gjennomført og kort rapport føreligger. Tiltaket må vere gjennomført og midlane utbetalt i løpet av 2022.
Søker må avklare med kommunen om tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningslova.
Fyll ut skjemaet under og last opp vedlegg med skildring av tiltaket, kart og foto.