Tilskot til førehandsundersøkingar

Innafor ei fast årleg budsjettramme fordeler fylkeskommunen støtte på inntil 5000 kroner inkl mva til utarbeiding av grunnlagsdokumentasjon for å sikre prioriterte kulturmiljøverdiar.

Skriv ut

Føremålet med ordninga er å gje hjelp ved oppstart når viktige kulturminner skal setjast i stand eller ombyggast. Fylkeskommunen ønsker at denne støtta skal vere med å sikre at prosjektet startar opp i eit rett spor. Det er viktig at eventuelle søknader om tilskot til sjølve vedlikehalds- og istandsetjingsarbeida bygger på rett forståing og kunnskap om kulturarvverdiane.

Vi handsamar søknader fortløpande så langt det er midlar på budsjettet.

Private eigarar, sogelag, venneforeiningar og liknande kan søke støtte.

 

  • Du kan søke tilskot som eit bidrag til å få utført ein tilstandsrapport med tiltaksplan og kostnadsoverslag for eit konkret kulturminne. Det er då ein føresetnad at det er ein restaureringskyndig handverkar som står for arbeidet.
  • Det er høve til å søke tilskot til engasjement av ein dyktig arkitekt i nokre timar for å utgreie eit kulturminne/ kulturmiljø sitt potensiale for ny bruk og bygningsmessige endringar innafor rammene av godt vern.

Fylkeskommunen skal ha høve til å godkjenne den handverkaren eller arkitekten som blir engasjert til arbeidet.

Vi gir ikkje tilskot i etterkant av utført arbeid.

Dersom du har fått lovnad om støtte og skal be om utbetaling, må du legge ved rapporten og eventuelt teikningsmateriale frå handverkar/ arkitekt i lag med kopi av faktura som dokumenterer kostnaden. Merk oppmodinga om utbetaling med prosjektnummeret vårt 1497.

Tilskotet kan ikkje overførast frå eit år til det neste. Dersom midlane ikkje blir nytta i det året tilskotet blir tildelt, blir dei trekte tilbake. Du må sende oss oppmoding om utbetaling innan utgangen av desember.

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Kontaktinformasjon for eigar/søkjar

Identifikasjon av kulturminnet

Typenemning til dømes naust, sel, kai, oppgi også gjerne "eigennamn" på kulturminnet

Bakgrunn for søknaden

Spør gjerne kommunen om dette
Fylkeskommunen kan gi råd om du ikkje veit
Legg gjerne ved foto av det aktuelle kulturminnet og kartutsnitt som gjer det lett for oss å orientere oss på staden