Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Denne tilskotsordninga skal bidra til at verdsarvområdet blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern.

Skriv ut

Tilskotsposten skal medverke til at skjøtsel, vedlikehald og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø følgjer beste praksis og blir nytta som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskota blir gitt frå statsbudsjettet for 2023, kapittel 1429 post 79.

Søknadsfrist

1. november

  • Private eigarar av faste kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, delområde i Stranda og Fjord kommunar
  • Private stiftingar, foreiningar/ organisasjonar/ sameige, næringsverksemder, frivillige og liknande
  • Kommunar og musea
  • Konkrete tiltak for bevaring av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde i Stranda og Fjord kommunar.
  • Tilskotet skal dekke meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø.

Det blir ikkje gitt tilskot til teknisk standardheving.

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket 
  • spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar 
  • spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar 
  • finansieringsplan

Tilskot blir fordelt etter politisk behandling i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkarane.

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har moglegheit til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til. 
  • Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

 

Dokumenter

Kontakt