Kulturmiljø i reiseliv – Ein bit av historia

Fylkeskommunen lyser ut eit tilskot for å auke nytting av kulturarv som ressurs i reiselivet.

Skriv ut

Ramma er på 750 000 kroner og tilskotet blir lyst ut som ein del av det regionale verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia».  

Det er ei målsetting at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir teke i bruk som en ressurs i  samfunnsutviklinga, og at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling. Dette vil kunne gi langsiktige positive effektar både for kulturmiljø,-, lokalsamfunns- og næringsutvikling.

Gjennom denne tilskotsordninga ønsker vi å bygge opp under at kunst, kultur og kulturmiljø kan vere sentrale innhaldsleverandørar til anna næringsliv. For eksempel kan eit mangfaldig og tilgjengeleg tilbod av kulturarvsopplevingar utvide marknaden og inntektsgrunnlaget for reiselivsaktørar i Møre og Romsdal. Bruk av kulturmiljø som ein ressurs i reiselivet vil bidra til at Møre og Romsdal blir Opplevelsesfylket nr. 1 i tråd med fylket sine ambisjonar.

Ordninga gjeld for verksemder i Møre og Romsdal. 

Søknadsfrist  

1. november

Ordninga skal stimulere til kulturarvsbasert næring og økonomisk verdiskaping, og samstundes bygge opp under langsiktig ivaretaking og nye former for formidling av kulturminne, kulturmiljø og landskap. 

Prosjekt som støttar opp om strategisk (regionalt eller lokalt) planverk og andre satsingar vil  bli prioriterte. Det er òg ønskeleg at prosjekta bidreg til å styrke fylkeskommunen si satsing knytt til historiske ferdselsårer, som til dømes Den Trondhjemske postvei, pilegrimsleier eller kystlei. 

Fylkeskommunen vil prioritere samarbeidsprosjekt og prosjekt som utforskar nye formidlingsformar og bidreg til utvikling av nye løysingar og tenester.  

  • Etablerte næringsverksemder innan reiseliv,- kulturell- og kreativ næring, gjerne i samarbeid med andre nærings- og kulturaktørar.
  • Kompetansesenter, organisasjonar, etablerte nettverk og andre aktørar med regionalt nedslagsfelt for bransjebygging innan reiseliv,- kulturell- og kreativ næring. 

Kven kan ikkje søke denne ordninga?

Kommunar, institusjonar eller andre som har fått 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2021. Offentlege tilskot er støtte som omfattar tilskot til drift, tilskot til prosjekt eller anna økonomisk støtte frå det offentlege. 

  • Tilskotet skal gå til prosjekt som bidreg til utvikling og uttesting av nye og nyskapande kulturarvsopplevingar i 2023 
  • Pilotprosjekt eller forprosjekt for å utvikle nye løysingar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kulturarvsopplevingar (pakketering).

Kvart prosjekt kan søke inntil 250 000 kroner. Vi kan finansiere inntil 75 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time.

Støtteordninga opnar for nye søknadar 3. oktober, i god tid før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • namn på søkar, kontaktperson og organisasjonsnummer
  • skildring av tiltaket/prosjekt og korleis det skal gjennomførast
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan)
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket/prosjektet)

Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det komme fram i søknaden, samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman.

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil behandle søknadane innan tre veker, frå første kvardag etter søknadsfrist.

  • Aktiviteten i prosjektet bør vere iverksett innan juni 2023.
  • Tildeling kan maksimalt utgjere 75 prosent det totale budsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskot bli avkorta. 
  • Verdiskaping knytt til kulturmiljø skal skje på kulturmiljøet sine premiss. 
Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i bevilgningsreglementet § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.  
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.   
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel. 
Rapport og rekneskap
  • 75 prosent av tilskotet blir utbetalt ved tildeling, dei resterande 25 prosent blir utbetalt ved sluttrapportering.
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.  
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som brukar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.  

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Dokumenter

Kontakt