Driftstilskot, eittårig – Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement

Driftstilskot til historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement, ofte kalla festivalstøtte, er delt mellom eittårig og treårige tildelingar. Dei eittårige driftstilskota har søknadsfrist 1. november kvart år og ordninga opnar for nye søknadar 20. september.

Skriv ut

Dette er siste året med tildeling frå denne ordninga. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjorde vedtak om endringar i møtet 30.08.2023, sak KNF 90/23 Gjennomgang av tilskotsforvaltninga i kulturavdelinga

Oppdatert informasjon om dei nye ordningane kjem seinare.

Kven kan søke?

Historiske spel, festivalar og kulturarrangement i Møre og Romsdal, som blir arrangert årleg, som varer i minst 3 dagar eller som kan dokumentere arrangement gjennom heile året. Festivalar og arrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film samt idrett og fysisk aktivitet kan søke støtte.

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd
  • Infrastrukturtiltak
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement under avvikling

Sjå nærare beskriving om kven fylkeskommunen ikkje kan gi støtte til i retningslinjene nedst på sida.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement.

Prioriteringar for ordninga i perioden 2022–2024

  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film samt idrett og fysisk aktivitet.
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune og/eller stat.
  • Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement som kan vise til avtale om driftstilskot frå vertskommune på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet for perioden 2022–2024. Eventuelt dokumentert statleg tilskot for heile perioden kan delvis kompensere det kommunale tilskotet.

Generelle prioriteringar for alle driftstilskot

  • Organisasjonar som bidrar til å gjennomføre regional kulturpolitikk og som treff eit større geografisk område.
  • Regionale ledd av amatørkultur og frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i eit større geografisk område, ut over det lokale.
  • Organisasjonar som arbeider for å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.
  • Aktiviteten må vere ope, tilgjengeleg for alle og treffe eit større geografisk område ut over det lokale.
  • Aktivitet på arenaer og møtestader der barn og unge kan uttrykke og utvikle seg, lære og erfare blir prioritert ved tildeling.
  • Tiltak som bruker ny teknologi og digitale medium for å nå ut med kunst og kultur til alle i Møre og Romsdal, blir prioritert ved tildeling.
  • Søkarar som har Tilgjengelighetsmerket (NKA) og kvalifiserer til tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir prioritert ved tildeling av tilskot.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune forutsett at søkar legg FN sine berekraftsmål til grunn.
  • Organisasjonar som mottek driftstilskot skal vere demokratisk oppbygd med eige styre og vedtekter, og alle skal kunne teikne medlemsskap.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune gir driftstilskot til paraplyorganisasjonane. I dei tilfelle der både paraplyen og medlemsorganisasjonar søker, blir tilskotet tildelt paraplyorganisasjonen som igjen fordeler dette vidare til medlemsorganisasjonane. Fordelinga blir avtalt mellom paraplyorganisasjonen og medlemsorganisasjonane, men det er dei fylkeskommunale retningslinjene som skal ligge til grunn for fordelinga

Søknadsfrist

1. november

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Vi gjer likevel merksam på at tildelingane med eittårig driftstilskot til historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement skal behandlast politisk. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) vil behandle dei i sitt første møte i februar 2024. Du vil få svar på søknaden din kort tid etter dette.

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.