Masterstipend kultur 2021

For å realisere målet om ein kunnskapsbasert kulturpolitikk lyser vi ut fire stipend à 25 000 kroner til masteroppgåver med tema innan idrett, folkehelse, kulturarv og allmennkultur som frivilligheit, kunst og kulturformidling, likestilling, spillteknologi og digital formidling av kultur.

Skriv ut

Avgjersler innan kulturområdet skal vere kunnskaps- og forskingsbasert. Å hente inn ny kunnskap gjennom forsking er ein viktig del av ein kunnskapsbasert praksis. Det er eit mål å legge til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet og sikre tilfanget av relevant statistikk av høg kvalitet.

Masterstipenda vil bli tildelt studentar som skriv masteroppgåver som kan bidra til kunnskapsbygging om kulturlivet i Møre og Romsdal, og som belyser aktuelle problemstillingar i fylket. Det er ei forventing at studentane som mottek stipend presenterer masteroppgåva si for kulturavdelinga i etterkant av innlevering og bidreg med råd og innspel til kulturavdelinga basert på sitt arbeid. Masteroppgåva må leverast våren 2022.

Tema for masteroppgåvene kan vere:

  • Idrett
  • Folkehelse
  • Allmennkultur, t.d. frivillig sektor, kunst- og kulturformidling, etc.
  • Kulturarv
  • Kulturelle og kreative næringar
  • Likestilling
  • Spillteknologi og digital formidling av kultur

Kven kan søke?

Alle masterstudentar som skal levere masteroppgåve våren 2022 ved høgskolar og universitet i Møre og Romsdal kan søke på stipendet.

Korleis søker eg?  

  • Fyll inn søknadsskjemaet under med kontaktinformasjon og ei kort beskriving av oppgåva.
  • Last opp søknadsbrev og prosjektskisse.

Kva skal søknadsbrevet og prosjektskissa innehalde?

Søknadsbrevet skal vere ein kort beskriving av din motivasjon og ein kort presentasjon av korleis din oppgåve kan bidra til å auke kunnskapen om ulike tema innanfor kulturfeltet regionalt og nasjonalt.

Prosjektskissa skal innehalde ein framdriftsplan for oppgåva, ei kort utgreiing av tema, aktuell teori og korleis du tenker å gjennomføre datainnsamling og analyse.

Søknadsfrist

15. november

Kva kan fylkeskommunen bidra med?

Fylkeskommunen kan stille med kontor (booking), vere sparringspartnar i utforming av problemstilling og svare på andre aktuelle spørsmål.

Dersom du lurer på noko angåande søknaden, ta kontakt med Mona Fluge, kulturanalytikar. Sjå kontaktinformasjon under.

Fyll inn søknad her:

Masterstipend kultur 2021

Kontakt