Inkludering- og mangfaldsprisen 2020

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2020 la ned ein spesiell innsats i å fremme integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Skriv ut

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

  • bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion 

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i juni.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet under, innan 19. mai.

Vedlagt er generelle vilkår for Inkluderings- og mangfaldsprisen. Utlysinga i år er forsinka i forhold til retningslinene, og saka blir lagt fram for kultur-, næring- og folkehelseutvalet i møtet i juni.

Kultur,- næring- og folkehelseutvalet endrar Likestillingsprisen til Inkludering- og mangfaldsprisen i 2020.

Desse har vunne Likestillingsprisen tidlegare:

2019: Mayada Alfaiyad
2018: Volda og Ørsta Pride
2017: Torunn Haldorsen
2016: Ikkje utdelt
2015: Gunvor Ulstein
2014: Jens Terje Johnsen
2013: NHO Møre og Romsdal prosjekt Global Future
2012: Bergljot Hjorthol
2011: Herøyløftet
2010: Christina Westrum Pedersen
2009: Gudny Fagerhol
2008: Oasen Kreative Senter Kristiansund
2007: Norsk fjellfestival i Rauma
2006: Øyvind Lied og Jostein Bjørndal (Merkesteinane)
2005: Mons Sandnes
2004: Vinterleikane for funksjonshemma i Surnadal
2003: Aker Brattvaag AS
2002: Eva Torill Strand, Møre og Romsdal fylkesbåtar
2001: Kari Synnøve Gaustadnes Hoel
2000: Dag Ohr
1999: Sølvi Dahl (post mortem), Den Bosniske sommerskolen v/Uzeir Bukvic
1998: Arbeidskontoret i Ulsteinvik v/ Elisabet Sundgot Overå, Bente Volder
1997: Terri Senior
1996: Odd Bondevik
1995: Ingrid Slørdahl Conradi
1994: Bodil Korshamn Rindal
1993: Ikkje utdelt
1992: Ingunn Nordeval

Påmeldingsfristen er no gått ut.

Dokumenter

Kontakt