Fylkeskulturprisen 2021

Kjenner du, eller veit du om nokon, som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Skriv ut

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet, innan fredag 15. oktober.​

ÅrNamnFagområdeHeimkommune
2020Fuglset mannskorMusikkMolde
2019Karin Augusta NogvaVisuell biletkunstÅlesund
2018Smøla JanitsjarorkesterMusikkSmøla
2017Margaret Alice RensvikPianist og dirigent, dagleg
leiar av Kristiansund Kirke
Kunst og Kulturfestival
Kristiansund
2016Inger Marie BakkeSkodespelar og leiar, Høstscena i ÅlesundSkodje
2015Arne TunheimFrivillig verksemdGiske
2014Ragnar UlsteinForfattar og krigshistorikarUlstein
2013Ungdomslaget Fram Haram
2012Ola GjendemLokalhistorikar, spelemann, folkedansMolde
2011Nils Tore LeivdalLokalhistorikar og forfattar, spelemann, kulturvernarGjemnes
2010Stig NilssonForfattar, dramatikar, artistKristiansund
2009Knut ØdegårdForfattarMolde
2008Hareid-stemnaArrangementHareid
2007Bernt Johannes HildrestrandFrivillig verksemdHaram
2006The Brazz BrothersMusikkSula
2005Arild HoksnesFolkemusikar, forfattar, kåsør m.m.Aukra
2004Jostein FetFolkemusikar og forfattarVolda
2003Anne Karin ElstadForfattarHalsa
2002Ørnulf OpdahlBiletkunstÅlesund
2001Fjord CadenzaMusikkakademi og festivalSkodje
2000D/S Thorolfs vennerVenneforeining veteranbåt, kulturvernSula
1999Oddgeir BruasetForfattar og journalist i NRKRauma/Ålesund
1998Ålesund SymfoniorkesterMusikk og formidlingÅlesund
 Frode AlnæsMusikarKristiansund
1997Eirik MoenForfattar og kulturformidlarMolde
 Egil HusbyLokalhistorikarKristiansund
1996Peggy Kruse og
Stiftelsen «Fru Guri av Edøy»
Forfattar
Historisk Spel
Smøla
1995Annbjørg LienMusikarMauseidvåg
 Astri Eidseth RyghBiletkunstVolda
1994Olav GrytnesKulturformidlingKristiansund
1993Jacob KjersemIdrettVestnes
1992Dagfinn NupenFolkemusikkØrsta
1991Harald GryttenMuseumsstyrar, forfattarÅlesund
 Bjørn AustigardMuseumslektor, forelesar og kåsør for Romsdalsmuseet. Kulturvernar. Forfattar av årgangsboka / Romsdal SogelagMolde
1990Edvard HoemForfattarFræna/Oslo
1989Petter DyrkornLokalhistorikar, amatørarkeologHaram
1988Teatret VårtUngdomsarbeid og teaterverksemdMolde
1987Tor StrandOrganist og korarbeidarTingvoll
1986Storfjordens VennerKulturvernarbeid for StorfjordenStranda
1985Henry VikeMusikk og anna kulturarbeidVestnes
1984Idrettsleikane ved HellandheimenIdrettsarrangement for
funksjonshemma born og
unge
Vestnes
 Ytre Suløens JassensembleJazz, særleg sjangeren Trad-jazzSula
1983Martha SchumannForfattarMolde
1982Skruk v/Per Oddvar HildreSongar, kordirigent, instruktørVolda
1981Marie Lovise Widnes JohansenAllsidig kulturarbeid, sang, dikting, kåseriHareid
1980IL Hødd v/ KJetil HasundIdrett og ungdomsarbeidHareid
 Inga FarstadNordmørsbunadenTingvoll
1979Kalla SkrøvsethMalar, songar, kyrkjekunstnar. Arbeid innan verdiskapande kulturarbeid i RomsdalSurnadal
 Otto Chr. SættemMusikk, jazzfestivalenMolde
 Anders GjendemArbeid med Bondeungdomslaget. Spelemann v/ Romsdalsmuseet. Samling og bevaring av folkemusikkMolde
1978Johan H. GrimstadSong, musikk og allsidig kulturarbeid på SunnmøreHareid
 Henning SommeroSamling, bevaring og arrangering av folkemusikk. Komponist, dirigent og organistSurnadal
1977Per AmdamAllsidig kulturformidling i skrift og tale. Bjørnsonforbundet, Romsdalsmuseet, FylkeskulturstyretMolde
1976Sakarias AnsokForfattar og kåsør samt registrering av fjell på SunnmøreStranda
 Magnus SkeiKulturvernarbeid, lokalhistorisk arbeid, reising av Tingvoll bygdemuseumTingvoll
1975Leif HalseForfattar, talar, folkemusikarTrondheim
 Rikke FlovikholmKulturformidlar og kåsør innan kunst og kulturMolde
 Ivar GrøvikArbeid innan museum og amatørteater. Lokalhistorikar, folkemusikar, forfattarØrsta
1974Bjarne RabbenTalsmann for IOGT og DNT, lokalhistorikar og forfattarHerøy
 Nils PareliusRegistrering og bevaring av fortidsminne i Romsdal, arbeid for Romsdal Sogelag, deltaking i diverse kulturhistoriske sakerMolde
1973Peder RensvikMusikkFrei
 Bård LarsenMusikkUlstein
 Kari BarstadBiletkunstnar (teiknar og grafikar)Molde
 Hans HyldbakkForfattar (lyrikar og diktar)Surnadal

 

Fylkeskulturprisen 2021

Dokumenter

Kontakt