Frivilligprisen 2022

Møre og Romsdal fylkeskommune sin Frivilligpris 2022 er ein pris som berre blir delt ut i Frivilligåret 2022.

Skriv ut

Prisen er på kroner 30 000, og vinnaren får i tillegg eit kunstverk til ein verdi av 5000–6000 kroner frå ein kunstnar i Møre og Romsdal.

Formål

Frivilligpris 2022 for Møre og Romsdal skal heidre stor frivillig innsats. Den skal gå til ein person som har gjort ein stor innsats for frivilligheita i sitt lokalsamfunn over lengre tid. Eit mål er å skape interesse, engasjement, auke statusen og fremme dei frivillige. Prisen skal vere til inspirasjon for frivilligarbeidet i fylket. Gjennom å løfte fram gode eksempel av frivillige vil ein synleggjere frivilligheita sin verdi for menneske og samfunn. Prisen er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor.

Generelle vilkår

Prisen skal gå til ein person som:

  • Høyrer heime i fylket
  • Viser evne og vilje til å yte aktiv frivillig innsats utover det vanlege
  • Bidrar til trivsel og livskvalitet for andre
  • Ikkje er tilsette i organisasjonen

Habilitet etter forvaltningslova § 6 blir vurdert i alle ledd av saksbehandlinga.

Frivilligprisen 2022

NB! Det er berre kommunar som kan nominere personar til Frivilligprisen 2022! 

Dokumenter

Kontakt