Fylkestinget i Møre og Romsdal

Fylkestinget er det øvste fylkeskommunale organet, jf. § 5-3 i Lov om kommuner og fylkeskommuner av 22.06.2018.

Det gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak, jf. reglementa for fylkesutvalet og hovudutvala.

Fylkestinget skal ha 47 medlemer.

Fylkestinget har som regionale utviklingsaktør ansvar for å fastsetja overordna mål og langsiktige retningslinjer for utviklinga i fylket. Organet har og ansvaret for den fylkeskommunale tenesteproduksjonen. Fylkestinget har det overordna tilsynet med og ansvaret for at den fylkeskommunale verksemda er effektiv og tenleg for innbyggjarane i fylket. Fylkestinget skal vurdere om dei fastsette måla er innfridde.

Snarvegar